søndag 14. desember 2008

Tredje søndag i advent..

Tenn lys!
Tre lys skal flamme
for alle som må slåss
for rettferd og for frihet.
De trenger hjelp fra oss.
Må ingen miste motet
før alle folk er ett.
Tenn lys for dem som kjemper
for frihet og for rett.

onsdag 10. desember 2008

Folkevandring på biblioteket...

Har du nokon gang opplevd folkevandring? ikkje det nei... då må du ta deg ein tur til biblioteket i byen no i examens tida. Det som også er viktig er at du er her litt før dørene opner klokka 0900. Her er det då viktig å posjonere seg slik at ein får ein god utgangsposisjon når dørene opner.. Og so er det bare å legge på sprang. Det ein må tenke på er at dei opnar dørene på kvar si side av biblioteket. Etter at ein har passert hindringane ein møtar på vegen, er det å finne den "perfekte" plass. Og den må du tvihalde på så lenge du kan, heilt til motivasjonen takkar for seg og du finn ut at det er på tide med middag og julekalender på tv.....


Det som slår meg med denne vandringa av ein heil haug av "gale" studenter, sloss om ein plass på biblioteket. Du kan tenkje deg at alle desse skal ha tak i ei vare som det bare er eit eksemplar av, og dei må ha den.. folk er heil gal... og midt i mylderet av alle desse "gale" studentene lille meg som ikkje er vant til slik oppførsel...

søndag 7. desember 2008

Andre søndag i advent...

Tenn lys!
To lys skal skinne
for kjærlighet og tro,
for dem som viser omsorg
og alltid bygger bro.
Må fanger få sin frihet
og flykninger et hjem,
tenn lys for dem som gråter
og dem som trøster dem.


No er snart denne veka også over.. og vi har tent det andre lyset i adventstaken vår, og halvvegs i vente tida. Denne veka har gått med til å skrive eksamensoppgåve, gå i fakkelaksjon, (sjekk ut denne sida, visst du vil vete kvifor eg og mange med studentar, lærarar på dmmh, foreldre og barn var med i fakkelaksjonen på torsdag. http://www.barnehage.no/no/Nyheter/2008/Desember/Trondheim-Kjemper-for-sine-fremtidige-arbeidsplasser/), juleavsluttning for klasse 2F, ake og bake pepperkaker. Ja denne veka har vert fin, men det raraste av allt er at vi no er halvegs i studiet...

søndag 30. november 2008

Fyrste søndag i advent..

Tenn lys!
Et lys skal brenne
for denne lille jord,
den blanke himmelstjerne
der vi og alle bor.
Må alle dele håpet
så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes.
Et lys er tent for det.


søndag 23. november 2008

Årets fyrste skitur :)

Årest fyrste skitur fant stad i bymarka, nermare bestem Granåsen. Med på turen var Malin, Irene, Ole-Markus, Grete, Rannveig, Øyvind og Meg. Med friskt mot la vi avstad innover bymarka. Føret var utruleg bra, med litt fast under og pudder på toppen. Det gjekk ikkje lenge før vi kom ut av den opptokka løypa, men hard hausar som vi er så gjorde det ingen ting ;P Her gjekk det opp over og ned over. Eit par fall blei det, men sidan det er fyrste dagen på ski så må ein reikne med slikt. Etter at vi hadde gått ei lang stund begynte vi å bli ein smule svoltne, og vi fann oss ein lun stad der det ikkje snødde so veldigt. Her tente vi på og kosa oss. Ragnveig og Øyvind for tilbake til Granåsen etter pausen, med vi andre la av stad om saupstad.. Etter eit par meter såg Malin ein elg som var i skiløypa, for å sei det så var vi meir skeptisk på elgen enn han,var på oss. Men vi la no på ski igjenn, og plutselig var vi komme på Kolstad, så der ente skituren vår i dag.. Det blir spennande å sjå kor den havne neste gang..





søndag 16. november 2008

" Det snør, det snør tiddeli bom ! "

No er snøen HER!!! Og kong vinter har sett sitt spor her i trønderhovudstaden også.. :) som igjenn gir moglegheitar for ski, både bortover og nedover, eller som langrenn og telemark. Men ein skal for all del ikkje gløyme at når det er snø så blir det også AKING !!! og siden studentar ikkje påkostar seg akebrett, så blir det aking på søppelsekkar noko som fungerar utruleg bra:) det som kansje ikkje er like greit med at snøen kjem er at den indikerar at det snart er eksamen.. men no er snøen her og vi får bare håpe på at den blir liggande so vi kan gå på ski og ake so får eksamen gå som det går...

onsdag 12. november 2008

Tankar på lesesalen...

ja,ja då var vi på lesesalen igjenn.. etter to veker med vellbestått grunskulepraksis og raportskriving er det på tide med litt eksamensmappeskriving... det var eit fryktelig langt og utruleg stygt ord.. hehe ;) men kem veit forhåpentlegvis blir ein ferdig til jul i år og.. men tanke på jul, så har jo den vert i butikken no i vertfall ein måned.. Det er heilt forferdelig! at det går ann!! Eg sei som dei gamle, "jula kjem bare fortare og fortare for kvart år.. nei, det var mykje betre når eg var liten for då kom dei i vertfall i desember!.." eller kansje ein bare var liten og naiv og ikkje visste betre... men ein ting som ikkje kjem før det skal og det er julebarne-TV!! Kvart år går ein å lurer på kva det er som kjem på barn-TV i desember , men det går ikkje ann å bli så skuffa som eg blei i fjor då eg oppdaga at det var barnassuper jul, for noko DRITT!!! nei få dei gode gamle julekalendarane tilbake !!! Men fyrst skal eksamensmappa og allt anna dritt inn og så er det julebarne-TV...

torsdag 23. oktober 2008

Grunnskulepraksis er i gang...

Ja, då har eg og mine andre basisgruppe medlemar vert ei veke i grunnskulen. Vi har vert i ein fyrsteklasse her i byen. Ein liten smakebit på korleis det er å vere "lærar". Sjølv om eg ikkje har noko mål om å komme i skulen, så har eg fått eit meir positivt bilete av den.. Det verste med å vere i praksis er det at ein må stå så utruleg tidleg opp kvar einaste dag.. og eg er eigentleg ein person som ikkje har noko i mot det, men kl 6 kvar dag er litt i drøyaste laget sjølv for eit A-menneske som meg. Og det er bare fordi at skulen begynner kl 0815, då eg gjekk på skulen starta vi ikkje før kl 0900. Og eg som trudde at alle skular begynte til same tid.. der tok eg visst feil.. men praksis eg kjekt uansett :)

tirsdag 30. september 2008

Why me?


Plutseleg var dagen der eg skulle intervjuast om kvifor eg skulle få lov til å reise på utanlandspraksik i 2.klasse. Dagen begynte med at når eg vakna så slo det ned ein tanke i hode mitt, nei ikkje i dag.. :s Så medan eg gjekk rund i leilegheita fortumla som noko kvart illt, gjekk eg rundt å prøvde å diktere "gliupe" setningar på engelsk.. for det var nemleg her haka var.. intervjuet skulle gjerast på engelsk.. og alle som har høyrt meg snakke engelsk veit at tone og engelsk ikkje er ein god kombinasjon.. Så var det bare å vente til klokka blei 1330 og ein skulle inn i løvenshule :s For å sei det sånn så var eg drit nervøs, ein kan samanlikne det med å hoppe i strikk ( for dei som har gjort det). Før eg kom inn sa den eine som skulle intervjue meg "we don't gonna kill you" og eg tenkte bare æææ nei da.. ikkje d heile tatt...

I etter kant av intervjuet har eg tenkt på kor mykje dumt eg sa. "Å, nei sa eg d! Tone då, du må jo ikkje sei d!" og allt det dumme eg sa som ikkje hadde noko rellevans for utenlandspraksis i det heile tatt.. eg må sei eg skjemmes over meg sjølv, visst dei eg glupe så sender dei ikkje meg.. men vi får bare vente i spenning å sjå kva for avgjrdsle dei tek..

lørdag 27. september 2008

Endeleg over :)

Etter mykje terping på både planter, fugler, fuglelyder og andre små kryp var artsprøva endeleg over for denne gang :) Denne sommaren og hausten har det stort sett gått med til å samle arter til objektsamling.. Ein utruleg nerdete jobb, spørr du meg.. No er det heldigvis over og det er bare å gratulere 2F ved DMMH med forhopentlegvis vellykka artsprøve:)
Godt jobba folkens.. ;)

lørdag 20. september 2008

Ansiktsløfte..

Som du sikkert ser så har eg gjort ei ansiktsløfte på bloggen mi... og i den forbindelse har det komt eit vakkert bilete som er med å pryden den.. Du lurer kansje på kor dette vakre bilete er tatt henn.. det er bare å halde seg fast for no kjem svaret.. det er tatt i bymarka her i Trondheim. Og for å vise dåke som ikkje veit kor fin bymarka er så kjem her nokre fleire bilete :)
ENJOY

Denne karen traff basisgrupa mi på når vi var i bymarka på basisgruppe tur... ikkje akkurat fyrstevaslget kan du sei.. :s

søndag 14. september 2008

Sokke monsteret is back in town...

Alle som har vaska sokkane sine i vaskemaskina er fullt klar over at dei sansynlegvis bare kjem til å finne ein sokk når maskina er ferdig vaska... det er nemleg sokke monsteret som har vert på ferde.. men har du høyrt om sokke monseret som bur på ei forlatt hytte i sør-trøndelag ein plass og som ikkje bare nøyer seg med ein sokk..?? ikkje? det hadde ikkje eg heller før eg fekk eit lite trivleg møte med det frå onsdag til torsdag. For å gjere ei lang historie kort så reste eg på hytte tur til dindalen, eller det vill sei det var eit felltkurs. Men vi budde på ei gammel hytte, så onsdags kvelden tok eg av meg ulvang sokkane mine.. og torsdags morgon når eg skulle ha dei på meg igjenn, var dei vekk...!! nokon hadde tatt sokkane mine! men kven??.. eg lette både høgt og lågt, spurte dei eg låg på rom med om dei hadde sett sokkane mine.. men det hadde dei ikkje og dei var ikkje i sekken min heller.. så det det endet med var at eg måtte gå med tjukke labba på topp tur.. ein kan vell sei at det var ein smule varmt.. men tross i at sokkane forsvant på mystisk vis, så hadde eg ein fin tur :)


Sjølv om det til tider gjekk rett opp.. kom vi til slutt til toppen som måle noko over 1250 m.o.h

søndag 31. august 2008

Vaske opp eller la maskina gjere det for deg??? That's the question..


Har du nokon gang tenkt på kor bortskjemt vi blir ved å bruke oppvaskmaskin..? ikkje? nei, kunne tenke meg det. Det gjorde ikkje eg heller før den tanken slo meg i dag når eg så ein av dei eg bur saman med stable kopper og fat inn i maskina. For etter at ein har hatt eit fantastisk herre måltid er det alltid ein ting som venter.. nemleg OPPVASKEN!! men medan ein går mot kjøkkenet er det noko som trekker til seg både kopper og fat og det som enn måtte høyre til.... og dette er verken sentrifugalkraften eller andre fysiske krefter, det er OPPVASKMASIKINA! som står rett framfor deg... Og då kjem spørsmålet vaske opp eller la maskina vaske opp for deg??? eigentleg eit ganske dumt spørsmål spørr du meg. For når du veit kva det vil sei å vaske opp kvar dag og etter kvart måltid samanlikna med at maskina gjer det forg deg, er det ikkje så vaskeleg å velge. ELLER..?

lørdag 30. august 2008

Gullfisk hjerne... :s

Denne veka har eg tenkt at eg skulle ha skreve her fleire ganger.. men det har seg sånn at det aldri har blit før no.. eigentlet hadde eg mykje interessante ting å snakke om.. men det er her problemet ligger. Eg huskar ikkje noko av dei interessante og glupe tinga eg hadde tenkt til å diskutere for dåke.. Har eg i ein alder av dei tidlege 20-åra utvikla ein gullfisk hjerne ? eller har eg hatt den heile tida, men at det er fyst no den er komme til syne??? Det er i vert fall ikkje greit å ha ein slik liten hjernekapasitet, her om dagen ( eller dvs i går) var eg saman med klassen oppe i bymarka og samla planter til objektsamlinga. Læraren vår som er ein ganske intlegent fyr sa navna til blomane både på norsk og latin. Eg plukka blomar og høyrte flittig på det læraren sa (eller dvs til ei viss grad). Eg fekk i vert fall med meg navna på blomane. Då eg kom heim og skulle legge blomane i press var det bare 2 blomar av mange eg huksa navnet på... Då eg seinare på kvelden trefte Heidi som kunne fortelje at ho hugsa navna på alle blomane hadde eg fått svaret på det eg hadde frykta. EG HADDE FÅTT EIN GULLFISK HJERNE!!!

søndag 24. august 2008

Livet og døden og midt i mellom va kunnskapen...

I dag satt eg å såg på avsluttningssermonien i OL, og det slo meg at vi mennesker er eigentleg ganske geniale skapningar. For når vi blir født så kan vi ingen ting, men i løpet av livet og då særleg dei tidlege leve åra så lærer vi utruleg mykje. Ein skal jo ikkje gløyme at ein lærer gjennom heile livet, men så ein dag når ein har lært allt ein skal lære i livet då bare dør man.. Kas liv e d? Her brukar man kansje 60-90 år og kansje meir av livet på å lære nye ting og lærer seg sjølv å kjenne.. og so bare dør man vekk frå all DEN kunskapen... Det hadde jo vert litt greit å kunne bruke den siste kunnskapen til noko før ein døde.. Kansje d ikkje d e så dumt å ikkje vere den skarpaste kniven i skuffen likevell... for då slepp ein jo å miste så mykje kunnskap når ein fyrst dør... eller??..

onsdag 20. august 2008

"Hvordan smart er du?"

Det var overskrifta på ein test eg tok i dag... Og eg som alltid har tenkt at enten så er ein smart eller så er ein det ikkje.. men der tok eg visst feil.. For i løpet av 40 spørsmål så kunne testen fortelle meg at eg hadde fysisk intellegens, men kva det er.. æææ ?? det veit eg ikkje.. Og eg som trudde at eg var ein heilt nomal student, med ikkje allverdens av ein intellegens.. men neida eg har fysisk intellegens. Så då bare håper eg på at det vil slå ut i studiet.. Det er jo lov å håpe :)

søndag 17. august 2008

Eit nytt og betre skule år..

Då har eg endeleg klart å komme meg tilbake til trønder hovudstaden. Dei neste vekane skal eg tilbringe tida mi som fadder for nye studentar på f-linja på DMMH, starte i 2F og bli betre kjent med dei nye hybelbeboarane.. så eg går ei spennande tid i møte :)

Slutten av ferien min har vert utruleg fin. Har slutta i sommarjobben og tatt meg ferie og tilbrakt ca to veker på byglandsfjord i setersdal der eg har møtt slekt og venner :) Siste veka har det gått i å pakke med seg ting ein skulle ha med seg tilbake på hybelen. Og så den ikkje så kjekke delen av det å reise vekk, nemleg det å sei hade til familie og venner, men fortvil ikkje folkens eg kjem tilbake til vakre sunnfjord :D

søndag 13. juli 2008

starten på eit nytt og betre år..

Ja no har eg snart overlevd ei heil veke som 21 åring.. og til no har ikkje det bydd på nokon store problem.. men dei kjem vell.. Det positive med å bli 21 er at eg no kan ta lappen på stor mc det er bare eit lite problem.. dette koster pengar og kor er dei?... eg bare lurar..?? :S

mandag 30. juni 2008

Ei lita oppdatering..



No tenkte eg at det ville være fint med ei lita oppdatering på kva som har skjedd i det siste, etter at eg slutta på skulen.




Helg 6-8 juni fekk eg besøk av mamma, besta og bestefaren. Dei skulle vere med å hjelpe meg å flytte til min nye hybel i trondheim før eg reiste heim.. Det blei også litt tid til å utforske byen, vi var både i nidarosdomen, i tyholttornet, festningen og på utsikten før vi satte nasa vest over..




Så var eg endeleg heime i gode gamle Fjaler.. no var det på tide å treffe mine gode veninner Hanne og Annette :) Her gjekk praten laust og fast om allt vi hadde oppleved..




Sidan 16. juni har eg også jobba på sjukeheimen i dale.. ein heilt okay sommarjobb..




Ein liten tur har eg også fått skivsa inn i programet tysdag 24- onsdag 25 juni var eg, mamma og Sondre på tur. Denne gangen gjekk turen til Flåm der vi tok turen med flåmsbana opp til myrdal, ein spektakulær togreise.. :) På myrdal gjorde vi oss klare, for vi hadde nemleg med og syklar og telt.. vi skulle sykle tilbake til flåm neste dag, på den siste delen av rallarvegen.. men fyrst skulle vi overnatte i telt.. Dette blei ein fantastisk fin tur :)






torsdag 5. juni 2008

ENDELEG FERIE!!!!

Ja då kan endeleg ta sommerferie med god samvittigheit :) visst dåke ikkje hadde fått det med dåke.. EG HAR SOMMARFERIE FOLKENS!!!! No skal eg bare vaske ut av hybelen og flytte før eg igjenn erobrer ville og vakre vest... hehe ;)

ka meir kan eg sei enn at dette skal NYTES !!!!

Til alle i klasse 1F ved DMMH tusen takk for eit fantastisk år med dåke :)
PS. kos dåke med objektsamling og fuglesang... hehe ;)

tirsdag 3. juni 2008

At eg aldri kan lære...

Eg har eit lite spørsmål til dåke som leser bloggen min.. (visst det er nokon der ute..) Kvifor er det så vanskeleg å sei nei til folk på gata?
Her i dag gjekk eg fredfult nede i Nordre gate i Trondheim sentrum med sykkelen min.. plutselig kjem det bort til meg ein fyr frå redd barna og begynner å prate til meg om noko som ikkje intreserer meg i det heile... han spør om eg har lyst å vere med å støtte dette prosjektet for BARE 225 kr i månaden.. eg er jo ikkje interessert men alikavell klarer eg å prestere å sei at joda eg kan vere med å støtte.. men TONE KOR SKAL DU FÅ PENGANE I FRÅ?? , OG DU HAR JO IKKJE LYST!.. Eg klarer tilslutt å ro meg ut av denne litt pinlege situasjonen, og følar meg ikkje så høg i hatten når eg går der i frå.. at eg aldri kan lære...

lørdag 31. mai 2008

Slik kan ein også bruke ein laurdag til .. :)

I dag var dagen då eg bare skulle på trening og so skulle eg gjere skulearbeid.. men slik gjekk det ikkje... sidan det var så utruleg fint vær og varmt tok eg heller turen til Korsvika saman med Malin og Irene her la vi oss på stranda og varma oss opp før vi kjølte oss ned i sjøen :) (bare for å nevne det så var dette den 2 gangen eg bader i år !!) Då vi var ferdige gjekk eg og Malin innom parken på skulen der var Marit og Frode og gjekk på slakkline.

For dei som ikkje har prøvd å gå på slakkline så er det virkeleg å ambefale. Eg prøvde for fyrste gang på torsdag og er blitt heilt hekta :) Eg vil faktisk tørre å på stå at eg er blitt meir hekta av det enn eg er av Facebook.. eg seiar ikkje meir..

Så då blir det heller skriving i morra i staden for.. no er det ikkje lenge til det er sommarferie for meg heller.. skal bare lever dette eksamens skrivet mitt på torsdag så er det FERIE !!!!!

torsdag 29. mai 2008

tirsdag 27. mai 2008

Ein god gjerning..

I dag gjorde eg ein god gjerning.. eller det vil sei eg gjorde det nettopp no før eg satte med ned og skriver dette på bloggen min.. eg var på KBS eit lite kjøpesenter som ligger ved sidan av der eg bur.. der stod det ei dame og selte eit magasin som heitar "Sorgenfri" og er eit magasin som rusmisbrukere og andre vanskelegstillte i samfunnet selger.. Eg var på veg inn på KBS då kjem denne dama bort til meg og spørr om eg vill kjøpe eit magasin av ho, eg svarar at eg skal kjøpe det når eg kjem tilbake. (eg svarer utan å tenkje, for når eg kjem inn på KBS forstår eg plutseleg kva eg har sagt.. og det man har sagt må ein jo halde... eller?) Så eg går og tusler rundt og ser litt i butikkane før eg tar ut litt pengar slik at eg kan kjøpe eit magasin av denne dama.. Då eg kjem tilbake til denne dama spørr ho meg på nytt om eg vill kjøpe eit magasin av ho og eg savrer jo for det hadde eg jo lovt ho at eg skulle..(sjølv om eg ikkje er sikker på at ho huksa meg..) Eg kjøper eit magasin av ho og denne dama blir kjempe glad og ønsker meg ein fortsatt fin kveld. Når eg er på veg tilbake til hybelen min kjem ein følelse av tilfredsstillelse inni meg, eg har gjort noko bra! :) Og magasinet vikra kjempe bra, sjølv om eg bare har sett igjennom det..

Barneteater festivalen 2008

Etter to veker med hard arbeid av både kulliselaging, kostymelaging og sang og manus skriving kunne vi endeleg vise fram arbeidet vårt for det puplikummet vi hadde laga forestillingane for, nemleg barn i alderen 1-3 og 3-5 år.

Vi har har no to foretillinger igjen i morgon, så då er det bare å gripe sjangsen :) Detter er eksamens forestillingane til 1F... så er det over.. det er både litt godt og vemodigt på same tid. Alle har vert så flinke og jobba mykje med dette desse vekene og vips så har vi hatt fem forestillinger og det er over.. då er det bare refleksjonskrivet igjenn og så er det sommarferie.. :)

Dronning Mauds Minne Høgskole sin barneteater festival har starta og vil vare i to veker, så alle som har lyst å sjå bareteter og er i Trondheim i denne tida er hjarteleg velkomen :)

lørdag 17. mai 2008

Nok ein 17. mai er over for denne gang..

ja, då var denne 17. mai feiringa over og vi må vente eit heilt år til før vi kan ete så mykje is vi bare orker.. eller? Dagen i dag var ein smule spesiell, for denne dagen skulle eg for fyrste gang ikkje feire 17. mai heime. Eg vakna til strålandes solskin her i Trondheim og var klar til å ta på meg bunaden. Og den kom på, den var faktisk ikkje så trang i år.. :D Då allt var klart, var det byen som venta på meg.. der skulle eg treffe nokon venner som eg skulle ete mat med etter at vi hadde sett på toget. Eg må no sei at toget i Trondheim er fint det.. men toget og 17. mai feiringa heime er ein smule betre, og for ikkje å gløyme rømmegrøten til besta..

Så ei lita oppsumering til slutt..
Eg har hatt ein fin dag, bunaden kom på og veret var fint. Klarte faktisk å få i meg ei is også, bare fordi det var 17. mai... Men det er no ein gang slik "borte bra, men hjemme best..."

fredag 16. mai 2008

Snart 17. mai men fyrst...

I morra er det den dagen alle barn og studentar har venta på.. Det er 17. mai og alle får lov til å ete så mykje is og pølser ein bare orker.. men ein ting er det som gjennstår før vi kan ta på oss finstasen og rope hipp hurra! og det er å stryke bunadsskjorta.. :s Den henger der inne i skapet og bare venter på at ein skal komme og hente den.. men dette var jo det mamma som skulle gjere.. då er det bare eit problem eg er i Trondheim og mamma er 60 mil unna.. kva skal ein stakkars student gjere då? Bunaden må jo på på 17. mai.. det er bare ein ting å gjere.. ein må manne seg opp gå inn i boden og hente strykejarnet som ein fekk av mor før ein flytta.. ta fram bunadsskjorta og begynne å stryke.. men det er enklare sagt enn gjort.. :s Ein begynner og finner fort ut at stryking ikkje er verken for barn eller studenter, men at det er ein mammajobb.. Tilslutt henger skjorta på kleshengeren og ein sleten student kan puste letta ut. No er det bare ein prøvelse igjenn og det er å sjå om bunaden passer i år og...

onsdag 14. mai 2008

Skrekkblanda fryd...

ja, no har eg altso gjort d... eg har takka ja til ein hybel.. :s til å begynne med så var d ein god følelse, for no treng eg ikkje å stresse meir.. men so kjem tanken på om ein har gjort d rette snikande.. :S Alltid må den tanken komme..

mandag 12. mai 2008

Ei lita anbefaling

Her kjem bare ei lita ambefaling til dei som ikkje følar seg så vaksne enno.. Parken på Ila har mange fine leikeapperat :) Eg var der i går og testa dei saman med Irene. Det var som å vere barn igjenn, heilt fantastisk :)

Prosjektet er i gang...

Endeleg har eg no klart å ta meg saman og plukke ut bilder som eg vil framkalle. Etter å ha blitt insperert av albumen til Irene :) Så på ferdag fekk eg mine 500 bilder, så denne helga har gått med til å lage album. Men i går tok det brått slutt! Albumen min var full og har ingen fleire, so no må eg vente til eg får tak i ein ny.. So no går eg rundt i ring og veit ikkje ka eg skal finne på..

torsdag 8. mai 2008

Årets fyrste bad..

Ja, no er badesesongen for alvor kommt i gang.. og i dag starta den for min del. Ein har jo også dei som aldri sluttar.. med den typen er ikkje eg.. Før vi dyppa oss i den kalde sjøen lada vi opp med ein gangsgrill og pølser med masse godt på og vannmelon til dessert. Ein fin tur til korsvika, håper fleire frå 1f blir med neste gang.. :)

mandag 5. mai 2008

EIn dag med drama og ei absurd historie..

I dag var fyrste dagen vi hadde drama. Ein av aktivitetane vi hadde, var at vi skulle sitte saman to og to. Den eine personen skulle lage ei historie, medan den andre personen skulle komme med enkelt ord, som skulle med i historia. Ein spennande og litt skremmande oppgåve.. Ei av historiane som kom opp, var denne absurde historia... (sett dykk godt til rette, len ned sete ryggane og føl med..)

"Det var ein gang ein gut og ei jente som budde på ein åker. Ein dag skulle guten ut å hogge ved, men han ville ikkje, slik at jenta måtte gjere det i staden. Då jenta kom til hoggestabben var øksa vekk, det var trollet som hadde tatt den. Gutten og jenta gjekk då avsted til trollet for å få tilbake øksa. Når dei hadde gått eit stykke kom dei til ei hule, og inni den hula budde det eit monster og eit lite troll. Guten og jenta lista seg stille forbi lille trollet og monsteret. Men plutselig så snubla gutten, og vekte lille trollet som igjenn vekte monsteret. Då måtte guten og jenta springe ut av hula. Jenta prøvde igjenn å gå inn i hula, men denne gangen utan guten. Ho kom seg forbi monsteret og lille trollet. Då ho kom ut av hula kom ho til ei elv med mykje lure ting i og på den andre sida av elva var der ei dør. Jenta gjekk inn døra og kom fram til trollet. Trollet satt på øksa, men jenta visst råd ho tok fram ein tryllestav frå innerlomma og drepte trollet og tok øksa. ( her fekk vi beskjed om å lage ein slutt på historia.. pga av tid, ein ser jo korleis det gjekk..) Og sparnag tilbake, over elva og gjennom hula og inn i bilen som ho hadde parkert på utsida. Då ho nesten var heime kom ho til ein bommstasjon, men ho hadde ingen pengar så ho hogg sund bomstasjonen. Så etter mykje strev så fekk jenta tilbake øksa. SLUTT"

og etter at eg hadde hatt denne tankevirksomheten kote det mildt sagt oppe i topplåket, så det anbefalast å ikkje gjere dette så ofte..

tirsdag 29. april 2008

Siste kvelden før det brakar laust igjenn...

Ja, so var det på nytt examen igjenn... og dette er siste kvelden for i morra då gjeld det.. då skal eg kunne svare på alle moglege lure spørsmål om fulglar, ulike skytypar og kansje eit par om dyrespor og planeter og slike lure ting som er oppi der... og so litt om det matematiske barnet, "per hadde 5 epler, han gav 2 til lise og 1 til pål, kor mange epler hadde per igjen????"... og her sit eg... aleine og forfjamsa og veit eigentleg ikkje heilt kva som er opp og ned eller kva eg kan om ting.. for å sei det slik så går det rundt opp i topplåkket og det er vertfall ikkje vits i å prøve å stappe noko meir inni der.. for der er det temmelig fullt, men på samme tid temmelig tomt... kva som skjer i morra blir spennande.. eg gledar meg bare til eg blir ferdig, so i morra klokka 4 kan alle som vil få lov til å juble i saman med meg for då er eg FERDIG!!!

fredag 25. april 2008

To fantastiske helger og ein examen...


Tid for Bergen!





Desse opplevingane starta Torsdag 10 april kl 20.00 når eg satte meg på nattbussen til Bergen. No hadde eg 13 timar og 45 min framfor meg på buss.. men eit lys punkt var det, og det var at Hanne skulle komme på i Førde. Etter ca 10 timar skulle eg endeleg få nokon å snakke med.. og den sjansen lot eg ikkje gå ifrå meg... hehe ;) Då vi var kommt til Bergen gjekk vi rundt å tusla litt før vi møtte Annette på torgalmenningen, dette var eit gledeleg gjensyn :) Denne helga gjekk altfor fort, for før eg visste ord av det så var eg tilbake på nattbussen til Trondheim....



ENDELEG! var det tid for frukost..





Tid for shopping...


Tid for Oslo!


På tur i oslofjorden...



Så gjekk det vel fire dager før eg var på tur igjen og denne gangen til Oslo for å besøke Torunn :)
Denne helga gjekk også ALTFOR FORT!!! Men vi fekk no gjort noko... lita oppsumering.. såg "lange flate baller 2" utruleg morsom film, den hadde den rette humoren... Så er jo både eg og Torunn to kulturbeviste kusiner... hehe;) så vi bare MÅTTE på opraen i Bjørvika..:) Før vi tok ein liten båttur ut til Hovedø og rusla rundt før vi nesten blei flaksa ned av nokon skumle gjess... (skrekk oppleving.. :s) Før eg igjenn satt på bussen på veg til Trondheim..




Eit lite hopp på hovedø





Enda eit hopp på hovedø...



Examen nermar ser igjenn... :s


No går det i lesing til examen som er på Onsdag 30 april.. :s Denne gangen er det om det mattematiske barnet og naturen sitt mangfold.. Eg sei som ei god vennine av med seiar "De' orne sæ" så vi får håpe det gjer det denne gangen også.. :)

mandag 7. april 2008

Ein glad og ein ikkje fullt så glad nyheit...

Så var eg på nytt komme tilbake til Trondheim etter ei fin påske :) ( d skal seiast at d snart har gått 3 veker sidan påske.. og eg har vert her heile tida..)
I dag har eg ein gla nyheit og ein ikkje fullt så gla nyheit, det som er litt spessielt med desse nyheitane, er at du sikkert ikkje vil merke så mykje av dei.. eller kansje litt..
Vi begynner med den ikkje fullt så glade nyheiten.. (for då blir det betre å få gla nyheita etter på.. :)) Den ikkje fullt så glade nyheiten er at det er snart på tide med litt examen igjenn... :S eller...??? og denne gangen skal eg ha om fuglar som flyr hit og dit, dyr om vintaren, moser og lav, skyer, planetar og barn i mattematikkens verden... treng eg sei meir..? tvilsomt
Så kjem glad nyheita og d er at d er VÅR !!! og eg har tatt fram sykkelen min :)

ha ein fortsatt fin dag :)

tirsdag 18. mars 2008

Årets fyrste piknik :D

Korleis kan ein bruke ein søndag på den best moglege måten ? Jo ved å reise på piknik med ein god venn!!! og d var akkurat det eg gjorde på søndag, då laga eg meg til med mufinns og kakko og sjølvsagt pikniksekken min.. :) Då eg kom bort til Flekke laga eg og Annette oss klar for tur, no skulle villmarka i Flekke besigrast.. ;) Då vi kom nesten på toppen begynte magane våre å rumle kraftig... d betydde bare ein ting.. vi måtte kempe..

vi fann oss ein fin plass, d var faktisk ved sidan av eit skjevit tre..



då vi satt oss ned og gjorde oss klare tok vi fram både det eine og det andre.. her var det både skillingsboller, sjokoladekake, muffins og kakko.. treng eg sei meir..?

Etter maten var vell plassert i to mette mager, kom mørket sigande og vi bestemte oss for å vednde nasa heim over.
Då vi var vell plassert ned på vegen var vi begge einige om at vi hadde hatt ein fantastiks bra tur :D
Takk Annette for ein fin tur :)

fredag 14. mars 2008

Tur i trollheimen :D



Denne veka var eg på nytt klar for tur. Eg pakka sekken og var på plass på Dronning Mauds Minne Høgskule tysdags morgon, no var eg og resten av klasse 1F klar for vidda. Vi satte oss inn i bussen og blei frakta til nerskogen her ifrå skulle vi gå inn til jerdalshytta.. Vi spente på oss skia og la på veg... ein utruleg fin tur :) Då vi kom fram var det tid for å laga til leirplass.. slik som forje veke skulle eg også denne natta tilbringe i telt saman med gode venner :) Då telte og leirplassen var på plass var det på tide å lage seg mat, det blei ingen vanskeleg og avansert middag i dag.. medan nokon grupper dirska opp med taco og andre flotte finesser gjorde mi gruppe enkelprosess.. i dag var det real turmat :) det samkte fantstisk :) etter at vi var gode å mette og hadde vert oppe ei stund var det på tide å legge seg i soveposane.

neste dag begynte bra med fint ver og allt det som høyrer til :) Vi åt frukost og pakka sekkane, for no var vi klare for dagstur. Desverre var det for mykje vind til at vi kunne prøve å bestige trollhetta :( men kansje neste gang... i staden blei det ein lite topptur for dei som ville det på vegen tilbake til leiren.. det blei no ein liten topp i vertfall.. :)
når vi kom tilbake tok nokon til å begynne å grave snøhule, eg og nokon 3 andre hadde planer om å sove i iglo.. dessverre kom mørket for fort på oss, slik at vi ikkje blei ferdige med taket.. men det gjorde da ingen ting.. vi tok utfordringa og sov i "igloen" vår under open himmel.. ein fantastisk opplevelse :) (stjerner er til og med fine utan briller..) Men ein må ikkje gløyme middagen denne kvelden.. det var pasta med tørka elgkjøtt, som malin hadde tørka og pappaen til malin hadde skutt. Takk til både arne og malin for ein utruleg gog kjøttdeig :)

Så var siste dagen komen og det var bare å pakke sekkane og ta turen tilbake. Denne dagen visste naturen og været seg frå si beste side.. d perfekte påskevær treng eg å sei meir..? D va bare heilt FANTASTISK !!!!

Til slutt.. TUSEN TAKK KLASSE 1F FOR EIN FANTASTISK FIN TUR !!!!!!

fredag 7. mars 2008

Vinteraktivitets veke 3 - 6 Mars 2008


Ja, då var eg tilbake i varmen igjenn. Etter fire dagar og tre netter i skogen med gode venner :) Det som gjorde at eg valte å sove ute i skogen var at denne veka skulle eg og klassen min ha vinteraktivitetsveke på Tunga gård i bymarka. Og i staden for å reise fram og tilbake kvar dag så fann eg og nokon til at vi like gjerne kunne overnatte der dei dagane det var...

Dag 1: Vi møtte opp på Tunga gård etter at vi hadde gått ein liten smule feil... men, men vi kom
no fram til slutt.. Her blei klassen delt i to grupper og vi tok til med liv og lyst og kvar vår spade.. for no skulle det byggast borger.. Været var også med oss frå starten av delilig sol og sky fri himmel..reine påskeværet :) Etter at borgene var ferdige var det tid for å lage kuleløype slik at det gjekk ann å leike seg litt på ski det var jo ein av grunnane til at vi hadde komme opp her då kuleløypa var ferdig var det tid for å teste den ut... her fekk vi også god hjelp av fyrste klasse på Steinerskolen :) Då dagen var ferdig og nesten alle reiste heim var det tid for oss som skulle tilbringe natta vår her å sette opp telt. Den fyrste natta var vi sju som skulle overnatte.. Etter at leirplassen var otdna var det på tid å reise ned til byåsen butikksenter for å kjøpe dagens middag.. dette blei ein dagleg traddisjon.. :) På kvelden var det tid for matlaging, dagens middag var meksikanskgryte med ris. Så blei det båltenning.. her gjorde eg og Ole Markus ein glimrande jobb.. :) Før vi avsluta med ponniløp.. og hoppa i soveposane :)


Dag 2: Klassen møtte opp på Tunga gård kl 0930 og no var vi klare for å leike oss på ski :) Det vart både prøvd på telemarksving og andre morro heitar..:) Det var også litt tid til å prøve å finne dyre spor i skogen saman med naturfag læraren.. Men det var noko ski leiken som var den som trakk mest.. Når dagen var omme og dei andre skulle heim.. var vi bare fire igjenn som skulle overnatte.. Dette var den gjengen som seinare på kveldan blei klat for nansens døtre av ein ivrig ski gåer... ( takk for komplementet..:)) Etter å ha vert på byåasen butikksenter.. vart dagens middage pasta med noko attåt.. Denne kvelden var det mykje vind, så vi satt inne i lavoen å lagde mat.. Ut på kvelden fekk Malin G uttruleg lyst på solbærtoddi og takka vere det så berga vi både soveposer, liggeunderlag og telt.. For når Malin kom ut av lavoen så kunne ho sjå at soveposen hennar var på veg ut.. min var fortsatt i telte.. men telte var også på veg ein heilt anna plass.. for å gjere ei lang historie kort kan ein sei det slik som det her..

Vi har nettopp reddet telt- det fikk seg en real velt.
Soveposen fløy- det var ikke Malin som løyg.
No ligg vi i ett telt alle fire- og vi har ikke slutta å flire.
Dessuten har vi bygd en levegg- vi jobba te vi fikk helt nytt skjegg.
Vi tisse i motvind- og håper det itj blir nå svind
Selv om alt blest- har vi en real fest.
Vi håpe lavoen står- i enda mange år.
Nyt din seng god og varm- men drøm om utelivets sjarm.

Dag 3: Denne dagen blei det gjort klart til aktivitetsdag for barnehagane. Her blei det laga ny kuleløype ordna på den gamle. Laga hopp og ein darge.. Det blei også laga naturløype. Men ikkje minst det blei leik på ski :) Når dagen var over var det på nytt tid for å reise ned på byåsen butikk senter å finne middag. Dagens middag blei ... mr. lee
Då vi kom opp igjen blei det litt leiking i kuleløypa.. her prøvde vi ut nye måtar å kjøyre i den på.. vi syntset nemleg at vi hadde leika litt for lite denne dagen.. vi leikte heilt til vi ikkje såg kulene på grunn av mørkest frambrudd.. Då blei det middag i staden for.. i løpet av kvelden fann vi ut at det kom til at det var lurast om eg og Malin G sov i lavoen denne natta.. ( det skal seiast at eg og Malin no hadde sove tre netter på tre forskjellige plasser.. skulle tru folk ikkje likte oss.. hehe;) Mitt på natta våkner Malin at lavoen har dotte ned.. og det har kommt snø opp på duken.. ho ringer til Irene og Malin H som må komme å grave oss ut.. I starten får ikkje Malin kontakt med meg, men eg vaknar tilslutt... Vi blir berga ut av lavoen og går tilbake til teltet og legger oss.. her får vi sove i to timer før vi må opp...





Dag 4: Dette er dagen som vi har venta på heile veka.. vi får besøk av refferansebarnehagane våre.. for å gjere eit betre begrep om kor mange barn vi snakker om så hadde vi altså 190 barn på besøk :) Aktivitetsdagen går sin vante gang og så er det slutt.. Vinteraktivitetsveka på Tunga gårde er slutt for denne gang og eg kan fornøgd vende tilbake til sivilisasjonen.. :)

fredag 29. februar 2008

"Den" er over !!

Klokka 15.15 i dag kunne eg puste letta ut.. EXAMEN :S var over !!! :) Ein utruleg god følelse som førte til skjelving både oppe og nede... No ser eg fram til vinteraktivitets veke på Tunga gård i bymarka og vintertru i trollheimen :) Dette kjem til å bli KONGE ! :D

søndag 24. februar 2008

"DEN " nærmar seg grusomt fort... :S

Ja.. no var vi kommt til søndagen.. slutten av fyrste eksamens forberedande veke er over... :S inni meg kan eg høyre meg sjølv rope HJELP !!!! På fredag skjer det ! om eg vill eller ikkje ... eg skal ha skrifteleg eksamen... Når eg no kjem inn på dette temaet, kjenner eg både panikken og angsten begynne å ta tak i meg.. på fredag skal eg vete forskjellen på den kinestetiske sansen og den vestibulære sansen.. og ein haug med andre ting om barns utvikling... eg kryssar fingrane og håper på at det vil gå bra.... eller?

søndag 17. februar 2008

Slik kan ein også bruke ein laurdagskveld....

Det heile starta laurdag 16.02 ca 19.00 på Granåsen saman med min gode venn Malin. Denne lørdagskvelden skulle vi i øsande regnver bruke tida vår på å vere ute å gå på ski. (utruleg men sant...) Vi smurte skia med rød smurning... men fann vell fort ut at det hadde funka betre med klister i dag.. Som to vante fjellfolk vi er hadde vi funne ut at vi bare skulle gå etter lysa som var i lysløypa.. Etter at vi hadde gått ei stund fann Malin to andre lys som ho syntes såg finare ut... så vi gjekk ut av løypa og mot desse lysa i standen. Då vi kom bort til lysa, fekk vi oss ei overasking. Malin "sine lys" kom frå eit HUS!!!! Så vi måtte vende om å gå tilbake til der vi kom frå... Så kva har vi lært frå dette? jo at det ikkje alltid er grønnare på den andre sida av gjerdet...

( her ser vi Malin "sine lys"....)

Etter litt om og men kom vi oss tilbake til lysløypa og det skal seiast at vi var ikkje aleine.. vi paserte både einsame skiløpara ( eller dei passerte gjerne oss...) og vi rekna med at det var nok elg i skogen også.. Då vi hadde gått ei stund fann vi ei kuleløype og den måtte vi jo sjølvsagt prøve.. og ikkje bare 1 gang men 2 ganger!!! vi følte begge at vi fekk det ganske godt til..















( Malin for så fort at det var vanskeleg å ta bilde.. eg der i mot var ikkje så rask....)


og når vi kjente etter så var vi eigentleg ganske sultne... så vi laga til ein lerplass under ein lyktestolpe og tok fram det eine etter det andre.. Her satt vi ei god stund før vi fann ut at det kansje var på tide å tenke på retretten.. vi pakka saman og begynte å rusle vidare.. Etter ei stund fann vi ut at HEI ! VI VEIT IKKJE KOR VI ER HENNE!!!! OG KOR ER GRANÅSEN???? som sagt vi var ikkje på veg til Granåsen og det einaste karte vi fann var om vannkvaliteten på det vannet vi var ved.. Etter at vi hadde mista fatningen ei lita sekund fann vi tilbake til Granåsen, mykje takka vere Malin. (Så all ære til deg). No var det bare ein ting som gjalt å det var å komme seg på bussen tilbake til byen.. Men bussen ville ikkje komme.. skulle den perfekte laurdagen spoleras på grunn av ein buss???? Men så skjer det som er heilt uventa, ei snill dame (som sikkert var sendt frå himmelen..) med både hund, pulk og ski i bilen spørr om vi vill sitte på ned til eit anna busstopp lengre nede? (ved busstoppet lengre nede går det bussar ofte..) vi takker og bukker og setter oss inn i bilen.. Vi kjem oss til byen :) med ei mykje betre innstilling til regn og ski. No er vi begge klare for å lese til eksamen.... eller.....???

Takk til den snille dama som frakta oss til busstoppen og takk til Malin for ein fantastisk fin tur !!!

torsdag 14. februar 2008

heihei :)

hei hei :) ja.. no er eg og komme på nette.. skulle vel eigentleg lese til eksamen og skreve ei eksamensoppgåve... men her eg då altso.. Og med tanke på at eksamen nermar seg med storm skritt, så er det vell ingen hemligheit at eg burde ha sett meg ned å lese pensum.. i staden for å vert her.. Forklaringa ligg vell i at nokon dagar er det generellt vanskeleg å sette seg ned med ei pensum bok i fanget og prøve å forstå kva som eigentlig står der... Og i dag har det vert ein slik dag, har vert ganske effektiv eigentlig.. bare ikkje på det punktet som omhandla å lese pensum.. :S Har vell eigentlig ein plan om at eg skal vere flink i morra..