lørdag 31. mai 2008

Slik kan ein også bruke ein laurdag til .. :)

I dag var dagen då eg bare skulle på trening og so skulle eg gjere skulearbeid.. men slik gjekk det ikkje... sidan det var så utruleg fint vær og varmt tok eg heller turen til Korsvika saman med Malin og Irene her la vi oss på stranda og varma oss opp før vi kjølte oss ned i sjøen :) (bare for å nevne det så var dette den 2 gangen eg bader i år !!) Då vi var ferdige gjekk eg og Malin innom parken på skulen der var Marit og Frode og gjekk på slakkline.

For dei som ikkje har prøvd å gå på slakkline så er det virkeleg å ambefale. Eg prøvde for fyrste gang på torsdag og er blitt heilt hekta :) Eg vil faktisk tørre å på stå at eg er blitt meir hekta av det enn eg er av Facebook.. eg seiar ikkje meir..

Så då blir det heller skriving i morra i staden for.. no er det ikkje lenge til det er sommarferie for meg heller.. skal bare lever dette eksamens skrivet mitt på torsdag så er det FERIE !!!!!

Ingen kommentarer: