fredag 7. mars 2008

Vinteraktivitets veke 3 - 6 Mars 2008


Ja, då var eg tilbake i varmen igjenn. Etter fire dagar og tre netter i skogen med gode venner :) Det som gjorde at eg valte å sove ute i skogen var at denne veka skulle eg og klassen min ha vinteraktivitetsveke på Tunga gård i bymarka. Og i staden for å reise fram og tilbake kvar dag så fann eg og nokon til at vi like gjerne kunne overnatte der dei dagane det var...

Dag 1: Vi møtte opp på Tunga gård etter at vi hadde gått ein liten smule feil... men, men vi kom
no fram til slutt.. Her blei klassen delt i to grupper og vi tok til med liv og lyst og kvar vår spade.. for no skulle det byggast borger.. Været var også med oss frå starten av delilig sol og sky fri himmel..reine påskeværet :) Etter at borgene var ferdige var det tid for å lage kuleløype slik at det gjekk ann å leike seg litt på ski det var jo ein av grunnane til at vi hadde komme opp her då kuleløypa var ferdig var det tid for å teste den ut... her fekk vi også god hjelp av fyrste klasse på Steinerskolen :) Då dagen var ferdig og nesten alle reiste heim var det tid for oss som skulle tilbringe natta vår her å sette opp telt. Den fyrste natta var vi sju som skulle overnatte.. Etter at leirplassen var otdna var det på tid å reise ned til byåsen butikksenter for å kjøpe dagens middag.. dette blei ein dagleg traddisjon.. :) På kvelden var det tid for matlaging, dagens middag var meksikanskgryte med ris. Så blei det båltenning.. her gjorde eg og Ole Markus ein glimrande jobb.. :) Før vi avsluta med ponniløp.. og hoppa i soveposane :)


Dag 2: Klassen møtte opp på Tunga gård kl 0930 og no var vi klare for å leike oss på ski :) Det vart både prøvd på telemarksving og andre morro heitar..:) Det var også litt tid til å prøve å finne dyre spor i skogen saman med naturfag læraren.. Men det var noko ski leiken som var den som trakk mest.. Når dagen var omme og dei andre skulle heim.. var vi bare fire igjenn som skulle overnatte.. Dette var den gjengen som seinare på kveldan blei klat for nansens døtre av ein ivrig ski gåer... ( takk for komplementet..:)) Etter å ha vert på byåasen butikksenter.. vart dagens middage pasta med noko attåt.. Denne kvelden var det mykje vind, så vi satt inne i lavoen å lagde mat.. Ut på kvelden fekk Malin G uttruleg lyst på solbærtoddi og takka vere det så berga vi både soveposer, liggeunderlag og telt.. For når Malin kom ut av lavoen så kunne ho sjå at soveposen hennar var på veg ut.. min var fortsatt i telte.. men telte var også på veg ein heilt anna plass.. for å gjere ei lang historie kort kan ein sei det slik som det her..

Vi har nettopp reddet telt- det fikk seg en real velt.
Soveposen fløy- det var ikke Malin som løyg.
No ligg vi i ett telt alle fire- og vi har ikke slutta å flire.
Dessuten har vi bygd en levegg- vi jobba te vi fikk helt nytt skjegg.
Vi tisse i motvind- og håper det itj blir nå svind
Selv om alt blest- har vi en real fest.
Vi håpe lavoen står- i enda mange år.
Nyt din seng god og varm- men drøm om utelivets sjarm.

Dag 3: Denne dagen blei det gjort klart til aktivitetsdag for barnehagane. Her blei det laga ny kuleløype ordna på den gamle. Laga hopp og ein darge.. Det blei også laga naturløype. Men ikkje minst det blei leik på ski :) Når dagen var over var det på nytt tid for å reise ned på byåsen butikk senter å finne middag. Dagens middag blei ... mr. lee
Då vi kom opp igjen blei det litt leiking i kuleløypa.. her prøvde vi ut nye måtar å kjøyre i den på.. vi syntset nemleg at vi hadde leika litt for lite denne dagen.. vi leikte heilt til vi ikkje såg kulene på grunn av mørkest frambrudd.. Då blei det middag i staden for.. i løpet av kvelden fann vi ut at det kom til at det var lurast om eg og Malin G sov i lavoen denne natta.. ( det skal seiast at eg og Malin no hadde sove tre netter på tre forskjellige plasser.. skulle tru folk ikkje likte oss.. hehe;) Mitt på natta våkner Malin at lavoen har dotte ned.. og det har kommt snø opp på duken.. ho ringer til Irene og Malin H som må komme å grave oss ut.. I starten får ikkje Malin kontakt med meg, men eg vaknar tilslutt... Vi blir berga ut av lavoen og går tilbake til teltet og legger oss.. her får vi sove i to timer før vi må opp...





Dag 4: Dette er dagen som vi har venta på heile veka.. vi får besøk av refferansebarnehagane våre.. for å gjere eit betre begrep om kor mange barn vi snakker om så hadde vi altså 190 barn på besøk :) Aktivitetsdagen går sin vante gang og så er det slutt.. Vinteraktivitetsveka på Tunga gårde er slutt for denne gang og eg kan fornøgd vende tilbake til sivilisasjonen.. :)

Ingen kommentarer: