ja, då var denne 17. mai feiringa over og vi må vente eit heilt år til før vi kan ete så mykje is vi bare orker.. eller? Dagen i dag var ein smule spesiell, for denne dagen skulle eg for fyrste gang ikkje feire 17. mai heime. Eg vakna til strålandes solskin her i Trondheim og var klar til å ta på meg bunaden. Og den kom på, den var faktisk ikkje så trang i år.. :D Då allt var klart, var det byen som venta på meg.. der skulle eg treffe nokon venner som eg skulle ete mat med etter at vi hadde sett på toget. Eg må no sei at toget i Trondheim er fint det.. men toget og 17. mai feiringa heime er ein smule betre, og for ikkje å gløyme rømmegrøten til besta..
Så ei lita oppsumering til slutt..
Eg har hatt ein fin dag, bunaden kom på og veret var fint. Klarte faktisk å få i meg ei is også, bare fordi det var 17. mai... Men det er no ein gang slik "borte bra, men hjemme best..."
for 13 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar