for 13 år siden
tirsdag 27. mai 2008
Ein god gjerning..
I dag gjorde eg ein god gjerning.. eller det vil sei eg gjorde det nettopp no før eg satte med ned og skriver dette på bloggen min.. eg var på KBS eit lite kjøpesenter som ligger ved sidan av der eg bur.. der stod det ei dame og selte eit magasin som heitar "Sorgenfri" og er eit magasin som rusmisbrukere og andre vanskelegstillte i samfunnet selger.. Eg var på veg inn på KBS då kjem denne dama bort til meg og spørr om eg vill kjøpe eit magasin av ho, eg svarar at eg skal kjøpe det når eg kjem tilbake. (eg svarer utan å tenkje, for når eg kjem inn på KBS forstår eg plutseleg kva eg har sagt.. og det man har sagt må ein jo halde... eller?) Så eg går og tusler rundt og ser litt i butikkane før eg tar ut litt pengar slik at eg kan kjøpe eit magasin av denne dama.. Då eg kjem tilbake til denne dama spørr ho meg på nytt om eg vill kjøpe eit magasin av ho og eg savrer jo for det hadde eg jo lovt ho at eg skulle..(sjølv om eg ikkje er sikker på at ho huksa meg..) Eg kjøper eit magasin av ho og denne dama blir kjempe glad og ønsker meg ein fortsatt fin kveld. Når eg er på veg tilbake til hybelen min kjem ein følelse av tilfredsstillelse inni meg, eg har gjort noko bra! :) Og magasinet vikra kjempe bra, sjølv om eg bare har sett igjennom det..
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar