onsdag 10. desember 2008

Folkevandring på biblioteket...

Har du nokon gang opplevd folkevandring? ikkje det nei... då må du ta deg ein tur til biblioteket i byen no i examens tida. Det som også er viktig er at du er her litt før dørene opner klokka 0900. Her er det då viktig å posjonere seg slik at ein får ein god utgangsposisjon når dørene opner.. Og so er det bare å legge på sprang. Det ein må tenke på er at dei opnar dørene på kvar si side av biblioteket. Etter at ein har passert hindringane ein møtar på vegen, er det å finne den "perfekte" plass. Og den må du tvihalde på så lenge du kan, heilt til motivasjonen takkar for seg og du finn ut at det er på tide med middag og julekalender på tv.....


Det som slår meg med denne vandringa av ein heil haug av "gale" studenter, sloss om ein plass på biblioteket. Du kan tenkje deg at alle desse skal ha tak i ei vare som det bare er eit eksemplar av, og dei må ha den.. folk er heil gal... og midt i mylderet av alle desse "gale" studentene lille meg som ikkje er vant til slik oppførsel...

Ingen kommentarer: