Då har eg endeleg klart å komme meg tilbake til trønder hovudstaden. Dei neste vekane skal eg tilbringe tida mi som fadder for nye studentar på f-linja på DMMH, starte i 2F og bli betre kjent med dei nye hybelbeboarane.. så eg går ei spennande tid i møte :)
Slutten av ferien min har vert utruleg fin. Har slutta i sommarjobben og tatt meg ferie og tilbrakt ca to veker på byglandsfjord i setersdal der eg har møtt slekt og venner :) Siste veka har det gått i å pakke med seg ting ein skulle ha med seg tilbake på hybelen. Og så den ikkje så kjekke delen av det å reise vekk, nemleg det å sei hade til familie og venner, men fortvil ikkje folkens eg kjem tilbake til vakre sunnfjord :D
for 14 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar