fredag 14. mars 2008

Tur i trollheimen :D



Denne veka var eg på nytt klar for tur. Eg pakka sekken og var på plass på Dronning Mauds Minne Høgskule tysdags morgon, no var eg og resten av klasse 1F klar for vidda. Vi satte oss inn i bussen og blei frakta til nerskogen her ifrå skulle vi gå inn til jerdalshytta.. Vi spente på oss skia og la på veg... ein utruleg fin tur :) Då vi kom fram var det tid for å laga til leirplass.. slik som forje veke skulle eg også denne natta tilbringe i telt saman med gode venner :) Då telte og leirplassen var på plass var det på tide å lage seg mat, det blei ingen vanskeleg og avansert middag i dag.. medan nokon grupper dirska opp med taco og andre flotte finesser gjorde mi gruppe enkelprosess.. i dag var det real turmat :) det samkte fantstisk :) etter at vi var gode å mette og hadde vert oppe ei stund var det på tide å legge seg i soveposane.

neste dag begynte bra med fint ver og allt det som høyrer til :) Vi åt frukost og pakka sekkane, for no var vi klare for dagstur. Desverre var det for mykje vind til at vi kunne prøve å bestige trollhetta :( men kansje neste gang... i staden blei det ein lite topptur for dei som ville det på vegen tilbake til leiren.. det blei no ein liten topp i vertfall.. :)
når vi kom tilbake tok nokon til å begynne å grave snøhule, eg og nokon 3 andre hadde planer om å sove i iglo.. dessverre kom mørket for fort på oss, slik at vi ikkje blei ferdige med taket.. men det gjorde da ingen ting.. vi tok utfordringa og sov i "igloen" vår under open himmel.. ein fantastisk opplevelse :) (stjerner er til og med fine utan briller..) Men ein må ikkje gløyme middagen denne kvelden.. det var pasta med tørka elgkjøtt, som malin hadde tørka og pappaen til malin hadde skutt. Takk til både arne og malin for ein utruleg gog kjøttdeig :)

Så var siste dagen komen og det var bare å pakke sekkane og ta turen tilbake. Denne dagen visste naturen og været seg frå si beste side.. d perfekte påskevær treng eg å sei meir..? D va bare heilt FANTASTISK !!!!

Til slutt.. TUSEN TAKK KLASSE 1F FOR EIN FANTASTISK FIN TUR !!!!!!

Ingen kommentarer: