Ja, då har eg og mine andre basisgruppe medlemar vert ei veke i grunnskulen. Vi har vert i ein fyrsteklasse her i byen. Ein liten smakebit på korleis det er å vere "lærar". Sjølv om eg ikkje har noko mål om å komme i skulen, så har eg fått eit meir positivt bilete av den.. Det verste med å vere i praksis er det at ein må stå så utruleg tidleg opp kvar einaste dag.. og eg er eigentleg ein person som ikkje har noko i mot det, men kl 6 kvar dag er litt i drøyaste laget sjølv for eit A-menneske som meg. Og det er bare fordi at skulen begynner kl 0815, då eg gjekk på skulen starta vi ikkje før kl 0900. Og eg som trudde at alle skular begynte til same tid.. der tok eg visst feil.. men praksis eg kjekt uansett :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar