Det heile starta laurdag 16.02 ca 19.00 på Granåsen saman med min gode venn Malin. Denne lørdagskvelden skulle vi i øsande regnver bruke tida vår på å vere ute å gå på ski. (utruleg men sant...) Vi smurte skia med rød smurning... men fann vell fort ut at det hadde funka betre med klister i dag.. Som to vante fjellfolk vi er hadde vi funne ut at vi bare skulle gå etter lysa som var i lysløypa.. Etter at vi hadde gått ei stund fann Malin to andre lys som ho syntes såg finare ut... så vi gjekk ut av løypa og mot desse lysa i standen. Då vi kom bort til lysa, fekk vi oss ei overasking. Malin "sine lys" kom frå eit HUS!!!! Så vi måtte vende om å gå tilbake til der vi kom frå... Så kva har vi lært frå dette? jo at det ikkje alltid er grønnare på den andre sida av gjerdet...
( her ser vi Malin "sine lys"....)
Etter litt om og men kom vi oss tilbake til lysløypa og det skal seiast at vi var ikkje aleine.. vi paserte både einsame skiløpara ( eller dei passerte gjerne oss...) og vi rekna med at det var nok elg i skogen også.. Då vi hadde gått ei stund fann vi ei kuleløype og den måtte vi jo sjølvsagt prøve.. og ikkje bare 1 gang men 2 ganger!!! vi følte begge at vi fekk det ganske godt til..
( Malin for så fort at det var vanskeleg å ta bilde.. eg der i mot var ikkje så rask....)
og når vi kjente etter så var vi eigentleg ganske sultne... så vi laga til ein lerplass under ein lyktestolpe og tok fram det eine etter det andre.. Her satt vi ei god stund før vi fann ut at det kansje var på tide å tenke på retretten.. vi pakka saman og begynte å rusle vidare.. Etter ei stund fann vi ut at HEI ! VI VEIT IKKJE KOR VI ER HENNE!!!! OG KOR ER GRANÅSEN???? som sagt vi var ikkje på veg til Granåsen og det einaste karte vi fann var om vannkvaliteten på det vannet vi var ved.. Etter at vi hadde mista fatningen ei lita sekund fann vi tilbake til Granåsen, mykje takka vere Malin. (Så all ære til deg). No var det bare ein ting som gjalt å det var å komme seg på bussen tilbake til byen.. Men bussen ville ikkje komme.. skulle den perfekte laurdagen spoleras på grunn av ein buss???? Men så skjer det som er heilt uventa, ei snill dame (som sikkert var sendt frå himmelen..) med både hund, pulk og ski i bilen spørr om vi vill sitte på ned til eit anna busstopp lengre nede? (ved busstoppet lengre nede går det bussar ofte..) vi takker og bukker og setter oss inn i bilen.. Vi kjem oss til byen :) med ei mykje betre innstilling til regn og ski. No er vi begge klare for å lese til eksamen.... eller.....???
Takk til den snille dama som frakta oss til busstoppen og takk til Malin for ein fantastisk fin tur !!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar