mandag 30. juni 2008

Ei lita oppdatering..



No tenkte eg at det ville være fint med ei lita oppdatering på kva som har skjedd i det siste, etter at eg slutta på skulen.




Helg 6-8 juni fekk eg besøk av mamma, besta og bestefaren. Dei skulle vere med å hjelpe meg å flytte til min nye hybel i trondheim før eg reiste heim.. Det blei også litt tid til å utforske byen, vi var både i nidarosdomen, i tyholttornet, festningen og på utsikten før vi satte nasa vest over..




Så var eg endeleg heime i gode gamle Fjaler.. no var det på tide å treffe mine gode veninner Hanne og Annette :) Her gjekk praten laust og fast om allt vi hadde oppleved..




Sidan 16. juni har eg også jobba på sjukeheimen i dale.. ein heilt okay sommarjobb..




Ein liten tur har eg også fått skivsa inn i programet tysdag 24- onsdag 25 juni var eg, mamma og Sondre på tur. Denne gangen gjekk turen til Flåm der vi tok turen med flåmsbana opp til myrdal, ein spektakulær togreise.. :) På myrdal gjorde vi oss klare, for vi hadde nemleg med og syklar og telt.. vi skulle sykle tilbake til flåm neste dag, på den siste delen av rallarvegen.. men fyrst skulle vi overnatte i telt.. Dette blei ein fantastisk fin tur :)






Ingen kommentarer: