mandag 23. februar 2009

Neem de erste strat links...


Ja då var tredje veka unna gjort her i Belgia. Og kva har skjedd i veka som gjekk ? Dette var siste veka med språkkurs i nederlandsk. Og som alle veit og sikkert har erfart så sluttar ein aldri utan ein eksamen… Så då var det bare å begynne å tenkje litt meir seriøst på det med å studere.. tysdags kvelden satt eg og Malin oss på skulen og begynte å bøye verba haben (å ha) og Zien (å vere).. for å sei det sånn eg har lært dei ”by heart”.. men det vart sjølvsagt ikkje bare dette vi måtte lære oss til onsdagen.. her skulle ein kunne presentere seg sjølv, fortelje vegen, handle i butikken, vete kva for butikk ein måtte gå i for å få ulike varer, sjølvsagt vete namna på dei ulike varene, telje og alle dei grammatiske reglane som alltid fyljar med… På måndagen ymta Lieselotte (læraren vår) om at ho hadde ei gåve til meg og Malin som vi skulle få på tysdagen… verken eg eller Malin kunne skjønne kva dette kunne vere og kvifor vi hadde fortent ei gåve.. Hmm??? Vi fekk den ikkje på tysdagen, så det blei endå ein dag med spekulasjonar og spekulering.. hmmm???? Men på onsdagen fekk vi svaret på kva det var.. I ein pose var det to flasker dekka med aluminiumsfolie, fyrst trudde vi det var vin før vi opna posen og såg at det var FERSK MJØLK!!!!! Eg har aldri i mitt liv vert så glad for å få mjølk.. hehe :) Dette fekk vi fordi vi hadde spurt ho korleis ein kunne få tak i fersk mjølk nokon dagar tidlegare. Då hadde vi fått til svar at vi måtte finne oss ein bonde, men at det var vanskeleg for oss når vi ikkje kjente nokon bonde..


Det som er litt morosamt var at vi fekk mjølka i ein ”Hadeland glasverk norway pose” hehe :)

Så eg gjekk til skriftleg eksamen med eit stort smil om munnen, har vell aldri vert så gla under ein eksamen.. Så kom torsdagen og det var kunn munteleg eksamen igjen.. så vi troppa opp på stasjonen i Teilt og tok toget til Torhout for siste gang.. Her gjekk vi inn ein og ein og snakka i 10-15 minuttar på nederlandsk.. og det siste eg og Marâ gjorde før vi reiste tilbake til Tilet var å ferie med kvar vår smultering J Namm… Då vi kom tilbake til Tilet gjekk eg og Malin og besøkte barnehagen vi skal ha praksis i fram til påske. Etter påske skal vi nemleg vere på ein anna barnehage /skule. Det er ikkje vanleg her å gå å helse på praksis plassen sin før ein kjem der og skal ha praksis der. Men alle oss norske hadde fått tilatelse til å besøke barnehagen. Det er ein Freinert skule. Då vi kom der var vi litt lost.. men etter å spurt seg rundt fekk vi tak i styraren. Han viste oss rund på skulen. Både eg og Malin skal ha to metorar. Så dei skal ha oss anna kvar veke, så det blir litt spennande å sjå korleis det blir. Styraren var veldig open og sa at så lenge vi var der kunne vi få gjere kva vi ville.. og uteområdet gleda også eit F- hjarte.. hehe ;P Så det blir spennande å sjå korleis det går i praksis :)


Etter visitten på skulen, var det tid for å møte Els ( internasjonale kordinatoren) og dei belgiske studentane på KATHO (høgskulen) dei tok oss med til Europa Hall, kor det var eit lite show og etterpå hadde vi ei lita førelesning om barnebøker. Då vi var ferdig med dette hadde vi ein guida tur rundt i Tielt før vi gjekk å åt middag som KATHO spanderte på oss. Etter at alt dette var ferdig gjekk dei fleste av oss på fest… hehe men det er ei heilt anna historie ;) Så var fredagen kommen og alle oss i Tilet skulle på museum i Brussel saman med studentane frå Torhout , Huog og Mr. Termote .. Då vi kom til Brussel var det museums vandring i nokre timar. Mr.Termote fortalte om dei ulike bildane og vi fekk til og med ta bildar av dei.. :) Etter museumsvandring kunne ein velje om ein ville reise heim eller om ein ville vere lengre i Brussel. Dei fleste reiste heim, det var bare meg, Mâria, Mariâ, Melis, Malin, Dugy og Volkan som var igjen. Vi gjekk på marknaden i Brussel, ein utruleg fin plass. Derifrå gjekk vi vidare å såg manecken pies, eg må sei eg blei ein smule skuffa då eg såg kor liten den var… På veg dit gjekk vi også forbi ei vaffelsjappe, der kjøpte vi oss vaffel med krem og sjokolade på. Ei skikkeleg BOMBE!!! :) Vi tok siste toget heim og hadde ”karneval” hos Mâria og Mariâ… og det gjekk nesten ”plutseleg” ei natt der og… ;) Så var lørdagen kommen og det var tid for å skrive på praksis kontrakt. Her klare store mengder frustrasjon og sinne å snike seg inn. Ja, eg kan love deg at både meg og Malin var temmeleg forbanna ein stund.. :( Så vi tok då oss ein tur til det lokale marknaden som er her kvar laurdag mellom kl 14.00 og 16.00. Her kjem dei lokale bøndene med grønsaker og mjølkeprodukt og skal selje. Og tru det eller ei eg og Malin fann FERSK MJØLK så no har vi funne bonden vårs, så då blir det fersk mjølk å få. :) Kvelden blei brukt til felles middag med Mona, Susanne og Malin kor dagens meny var lasange med salat og kvitløksbrød og til dessert is med sjokoladesaus. NAMM.. Så var det plutseleg søndag igjen.. og denne dagen har gått med i å prøve å skrive ferdig praksis kontrakt og andre skule ting.. Elles så er det heilt utruleg at det allereie har godt tre veker. Vekene bare flyr av garde.. skjønnar ikkje korleis det går ann.. ;)

Renê Magritte (1898- 1967), L'empire des Lumiêres 1954


Francos Roffian (1820- 1898), Le mont rose 1875

På veg til marknaden..

manecken pies

Marknaden i Brussel

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei, kjekt å leses korleis veka har vore. Trudde du skulle til Paris i helga, men der har eg nok misforstått. Vinterferie her denne veka, vi har vore på Jølster idag. Hadde det kjekt i Bergen i helga.