fredag 6. februar 2009

Ik ben Tone, ik kom uit Noorwegen.....

Ja, då har eg vert ei veke her i Tielt og det virkar som om ein har vert her lengre.. Det har vert mange nye inntrygg å fordøye både når det gjeld mat, kultur og være måte. Det belgiske folk er eit utruleg høfleg og vennleg folkeslag. Slik at ein bør sei "please" eller "alstublieft" (uttalast al-stew-bleeft) når ein avlsuttar eit spørsmål til ein framande person. Dei seiar heller ikkje "du" til ein villt fremmande person du møtar på gata. Ein brukar ein høflegare form av du, slik som dem eller på nederlandsk U (uttalast som y). Det som også er ein smule komisk er at det ser ut til at alle har ein eller fleire hekkar i hagen sin. Uansett kor liten hage dei har så har dei ein hekk. Og eg skal love deg at den er bein, det virkar som dei har brukt vater for å få den super bein... Her ser det ikkje ut til at noko blir overlatt til tilfeldigheitane... Ein anna ting som også er ein smule merkeligt er at her står melka ute i rom tempratur og den har best før dato til mars.. og smaken er heller ikkje så god.. den smakar risgraut.. det skal jo seis at eg likar risgraut, men ikkje når eg skal drikke melk til frukost.. Så eg og Malin er på jakt etter kjøleskapmelk.. så kansje vi kan finne d..Dagane i denne veka har gått med på å reise mellom Kortrijk for å registrere seg og få ein slags velkomst og hente studentkort og Torhaut på språk i nederlandske eller dutch. Her er alle erasmus studentane frå Torhaut og Tilet samla. Så vi må reise med tog kvar morgon for å komme til Torhaut. Vi begynner på skulen klokka 9.00 og er ferdig rundt 16.00 pluss, minus. Men vi er som oftast ikkje heime i Tilet før 16.45.

Vi har også prøvd oss på den onterlige belgisk sjokoladen.. kva kan eg sei.. den er bare heilt FANTASTISK!!!! har ikkje ord! ;) farlig, farlig...

ja det var litt om veka mi her i Tilet, har du spørsmål må du bare komentere på bloggen så skal eg prøve å svare så godt eg kan :)


(alle bildane er frå Brügge)


Ingen kommentarer: