søndag 1. februar 2009

Belgia here I come...

Ja då va dagen komen og eg skulle reise saman med Mona, Susanne og Malin til Tielt i Belgia og her skulle vi tilbringe våre neste tre månader saman... Det heile starta utruleg bra vi kom til Værnes og flaug til Amsterdam, her skulle vi vente i ca 3 timar før vi skulle vidare til Brussels. På turen til Amsterdam sov alle unntat eg for eg så plutseleg ein utruleg fin sol oppgang.. og blei så lamslått og fansiner at eg ikkje klare å sove.. Då vi skulle fly frå Amsterdam til Brussels gjekk vi ombord i en Fokker 50, det vi altså sei eit lite bråkete fly.. alle som har vert med Widerøe veit korleis det er... Når vi kom til Brusseles kom vi til ein utruleg lang og folketom flyplass. Eg er sikker at vi gjekk ein dagsmarsj for å få tak i bagasjen.. Og her begynte utfordringa.. korleis ta seg med tog frå Brusseles til Tilet kor vi skulle møte Els ? Etter mykje om og men og på mirakuløstvis klarte vi å finne rett tog, få rett billet og komme oss til Tielt. Her blei vi møtt av Els som viste oss rundt der vi skulle bu. Standaren er ganske ulik hos oss, men etter å ha sovet på det nokon dager no ser ein bare det humøristiske i det.. eller nesten :s


Etter ein ettermiddag og kveld i Tielt med masse frustrasjon, glede, irretasjon, opptimisme og ein natt søvn fann eg og Malin ut at vi ville utforske Brugge. Så vi tok bussen på ettermiddagen og fekk gjort mange lure ting :) I tillegg til å gå rundt to nokså svære katedraler fekk vi også gå inn i ei av dei..


Tone og Malin på nye eventyr...


I dag var dagen kommen til at vi skulle begynne vår fyrste dag på skulen. Alle ERASMUS studentane to bussen til Kotrijk og KATHO her var det litt venting, ein rask informasjon og lunsj. Det som gjorde til at vi fekk opp auga var at dei selde øl i kantina på skulen.. 1.50 € eller ca 15 NOK , dette hadde aldri gått heime i noreg.. eller? Så etter ein dag på skulen.. var det tid for å handle og her i blandt sjokolade sidan vi ikkje hadde hatt det på laurdag då vi kom.. så etter at Malin hadde laga ei fantastisk god heimelaga blomkålsuppe til oss var det tid for sjokolade testing.. og vi fant vår favoritt, men det er eit anna kapittel ;)

Ingen kommentarer: