mandag 23. februar 2009

Neem de erste strat links...


Ja då var tredje veka unna gjort her i Belgia. Og kva har skjedd i veka som gjekk ? Dette var siste veka med språkkurs i nederlandsk. Og som alle veit og sikkert har erfart så sluttar ein aldri utan ein eksamen… Så då var det bare å begynne å tenkje litt meir seriøst på det med å studere.. tysdags kvelden satt eg og Malin oss på skulen og begynte å bøye verba haben (å ha) og Zien (å vere).. for å sei det sånn eg har lært dei ”by heart”.. men det vart sjølvsagt ikkje bare dette vi måtte lære oss til onsdagen.. her skulle ein kunne presentere seg sjølv, fortelje vegen, handle i butikken, vete kva for butikk ein måtte gå i for å få ulike varer, sjølvsagt vete namna på dei ulike varene, telje og alle dei grammatiske reglane som alltid fyljar med… På måndagen ymta Lieselotte (læraren vår) om at ho hadde ei gåve til meg og Malin som vi skulle få på tysdagen… verken eg eller Malin kunne skjønne kva dette kunne vere og kvifor vi hadde fortent ei gåve.. Hmm??? Vi fekk den ikkje på tysdagen, så det blei endå ein dag med spekulasjonar og spekulering.. hmmm???? Men på onsdagen fekk vi svaret på kva det var.. I ein pose var det to flasker dekka med aluminiumsfolie, fyrst trudde vi det var vin før vi opna posen og såg at det var FERSK MJØLK!!!!! Eg har aldri i mitt liv vert så glad for å få mjølk.. hehe :) Dette fekk vi fordi vi hadde spurt ho korleis ein kunne få tak i fersk mjølk nokon dagar tidlegare. Då hadde vi fått til svar at vi måtte finne oss ein bonde, men at det var vanskeleg for oss når vi ikkje kjente nokon bonde..


Det som er litt morosamt var at vi fekk mjølka i ein ”Hadeland glasverk norway pose” hehe :)

Så eg gjekk til skriftleg eksamen med eit stort smil om munnen, har vell aldri vert så gla under ein eksamen.. Så kom torsdagen og det var kunn munteleg eksamen igjen.. så vi troppa opp på stasjonen i Teilt og tok toget til Torhout for siste gang.. Her gjekk vi inn ein og ein og snakka i 10-15 minuttar på nederlandsk.. og det siste eg og Marâ gjorde før vi reiste tilbake til Tilet var å ferie med kvar vår smultering J Namm… Då vi kom tilbake til Tilet gjekk eg og Malin og besøkte barnehagen vi skal ha praksis i fram til påske. Etter påske skal vi nemleg vere på ein anna barnehage /skule. Det er ikkje vanleg her å gå å helse på praksis plassen sin før ein kjem der og skal ha praksis der. Men alle oss norske hadde fått tilatelse til å besøke barnehagen. Det er ein Freinert skule. Då vi kom der var vi litt lost.. men etter å spurt seg rundt fekk vi tak i styraren. Han viste oss rund på skulen. Både eg og Malin skal ha to metorar. Så dei skal ha oss anna kvar veke, så det blir litt spennande å sjå korleis det blir. Styraren var veldig open og sa at så lenge vi var der kunne vi få gjere kva vi ville.. og uteområdet gleda også eit F- hjarte.. hehe ;P Så det blir spennande å sjå korleis det går i praksis :)


Etter visitten på skulen, var det tid for å møte Els ( internasjonale kordinatoren) og dei belgiske studentane på KATHO (høgskulen) dei tok oss med til Europa Hall, kor det var eit lite show og etterpå hadde vi ei lita førelesning om barnebøker. Då vi var ferdig med dette hadde vi ein guida tur rundt i Tielt før vi gjekk å åt middag som KATHO spanderte på oss. Etter at alt dette var ferdig gjekk dei fleste av oss på fest… hehe men det er ei heilt anna historie ;) Så var fredagen kommen og alle oss i Tilet skulle på museum i Brussel saman med studentane frå Torhout , Huog og Mr. Termote .. Då vi kom til Brussel var det museums vandring i nokre timar. Mr.Termote fortalte om dei ulike bildane og vi fekk til og med ta bildar av dei.. :) Etter museumsvandring kunne ein velje om ein ville reise heim eller om ein ville vere lengre i Brussel. Dei fleste reiste heim, det var bare meg, Mâria, Mariâ, Melis, Malin, Dugy og Volkan som var igjen. Vi gjekk på marknaden i Brussel, ein utruleg fin plass. Derifrå gjekk vi vidare å såg manecken pies, eg må sei eg blei ein smule skuffa då eg såg kor liten den var… På veg dit gjekk vi også forbi ei vaffelsjappe, der kjøpte vi oss vaffel med krem og sjokolade på. Ei skikkeleg BOMBE!!! :) Vi tok siste toget heim og hadde ”karneval” hos Mâria og Mariâ… og det gjekk nesten ”plutseleg” ei natt der og… ;) Så var lørdagen kommen og det var tid for å skrive på praksis kontrakt. Her klare store mengder frustrasjon og sinne å snike seg inn. Ja, eg kan love deg at både meg og Malin var temmeleg forbanna ein stund.. :( Så vi tok då oss ein tur til det lokale marknaden som er her kvar laurdag mellom kl 14.00 og 16.00. Her kjem dei lokale bøndene med grønsaker og mjølkeprodukt og skal selje. Og tru det eller ei eg og Malin fann FERSK MJØLK så no har vi funne bonden vårs, så då blir det fersk mjølk å få. :) Kvelden blei brukt til felles middag med Mona, Susanne og Malin kor dagens meny var lasange med salat og kvitløksbrød og til dessert is med sjokoladesaus. NAMM.. Så var det plutseleg søndag igjen.. og denne dagen har gått med i å prøve å skrive ferdig praksis kontrakt og andre skule ting.. Elles så er det heilt utruleg at det allereie har godt tre veker. Vekene bare flyr av garde.. skjønnar ikkje korleis det går ann.. ;)

Renê Magritte (1898- 1967), L'empire des Lumiêres 1954


Francos Roffian (1820- 1898), Le mont rose 1875

På veg til marknaden..

manecken pies

Marknaden i Brussel

mandag 16. februar 2009

Eit stort stykt udyr.. på eit "koselegt" vaskeri... !!!


Som dåke sikkert veit alleriede må eg vaske klena mine på eit vaskeri her i Tielt. Dette er eit koseleg vaskeri med vakre små maskiner som tar 7 kg og tørketrumler til alle og ein kvar. Her er det også sitte plassar for den som ventar. Bland alle desse koslege maskinane, er det eit hat obejekt. Eit udyr som er noko av det verste du kan tenkje deg... Fyrste gangen eg og Malin var på vaskeriet brydde vi oss ikkje så mykje om dette beistet.. vi hadde nok med dei små makskinane som ikkje tok pengane våres og som då heller ikkje ville vakske klena våres.. For det har seg nemleg slik at for å få vaske må ein betale € 4 per vask.. men i allefall så fann eg og Malin ut i går at vi skulle prøve dette store beistet som tar € 9 per vaks.. Det som skjedde då var at vi trykte på pogrammet, men det programmet vi hadde valgt kom ikkje.. i staden fekk vi sentrifugere tørrekle i 10 minutter og det kosta oss € 9.. :( Så den som måtte flytte vasken sin til ei anna maskin og betale nye € 4 var meg og Malin.. UTRULEG SURE PENGAR!!!! så den maskina klarte å øydelege resten av dagen for oss...

Udyret som robba oss for pengar..



Eg og Mailn prøvde å finne ut om vi kunne få plass i tørketrommelen.. Malin fekk det som vanleg til.. medan eg som vanleg var for stor til dette også.....!!!!!!!


søndag 15. februar 2009

Ny veke, nye moglegheitar.... Alstublieft !


Ja då var andre veka her i Belgia over.. og kva har skjedd sidan sist??? Sette deg godt til rette så skal du få høyre.. Laurdag 7 Februar reiste alle studentane frå Tielt til Gent. Her tilbrakte vi dagen fyrst med å vere med dei tyrkiske stundentane til den tyrkiske delen av Gent. Her fekk vi smake på både tyrkisk mat og drikke. NAM! :) Så bar det vidare til sentrum, her delte vi oss dei som ville shoppe og dei som ville gå rundt å sjå.. Gent er ein utruleg fin og spennande by, med mykje å sjå på.
Så var det plutselig måndag igjen og det var tid for skule. Vi held fortsatt på med språkkurset i nederlandsk. Denne veka har godt med til garmatikk, korleis bøye verb, og eg som trudde eg var ferdig med den slags... men neida.. vi har lært klokka, kropsdelar, hat prøve og gjordt ferdig boka.. so no er vi klare til examen på onsdag 18 februar både i skriftleg og muntleg.. :s eller det vil sei ,vi burde vel vere klar til det..

Nabolaget.. I det murhuset som er kvitt på framsida bur eg saman med Evelina og Demante frå Litauen og Dugy frå Tykia :)

Ja som sagt så bur eg her, men korleis er det på innsida av huset?.. joda ikkje allt fungerer som det skal, men det er vel ein del av sjarmen???? og her i andre etasje bur eg fortasatt i kofferten min etter to veker i belgia.. Nokon meinar nok sikkert at eg burde rydde ut av den.. men det tar vi på sikt.. hehe ;p


men desse klena som har vert så heldige å komme ut av kofferten har også fått vere med på vaskjeriet som er her i Tilet. For det er slik at ingen av oss har vaskemaskin eller tørketommel slik at vi må på eit vaskeri for å få vaska klena våre.. og av og til treng vi og ein vask og ein tørk..

Etter ein dag med vasking av både kle og seg sjølv er det godt å kunne gå heim og vete at det neste som står på planen er å lage heimlaga kjøttkaker med Malin til middag :)

NAM!!!!!!!!!!! Mmmmm... glede meg :D

Vi hadde Mâria frå Slovakia på middags besøk, og kjøttkakene besto testen :) Bra Jobba!!

fredag 6. februar 2009

Ik ben Tone, ik kom uit Noorwegen.....

Ja, då har eg vert ei veke her i Tielt og det virkar som om ein har vert her lengre.. Det har vert mange nye inntrygg å fordøye både når det gjeld mat, kultur og være måte. Det belgiske folk er eit utruleg høfleg og vennleg folkeslag. Slik at ein bør sei "please" eller "alstublieft" (uttalast al-stew-bleeft) når ein avlsuttar eit spørsmål til ein framande person. Dei seiar heller ikkje "du" til ein villt fremmande person du møtar på gata. Ein brukar ein høflegare form av du, slik som dem eller på nederlandsk U (uttalast som y). Det som også er ein smule komisk er at det ser ut til at alle har ein eller fleire hekkar i hagen sin. Uansett kor liten hage dei har så har dei ein hekk. Og eg skal love deg at den er bein, det virkar som dei har brukt vater for å få den super bein... Her ser det ikkje ut til at noko blir overlatt til tilfeldigheitane... Ein anna ting som også er ein smule merkeligt er at her står melka ute i rom tempratur og den har best før dato til mars.. og smaken er heller ikkje så god.. den smakar risgraut.. det skal jo seis at eg likar risgraut, men ikkje når eg skal drikke melk til frukost.. Så eg og Malin er på jakt etter kjøleskapmelk.. så kansje vi kan finne d..Dagane i denne veka har gått med på å reise mellom Kortrijk for å registrere seg og få ein slags velkomst og hente studentkort og Torhaut på språk i nederlandske eller dutch. Her er alle erasmus studentane frå Torhaut og Tilet samla. Så vi må reise med tog kvar morgon for å komme til Torhaut. Vi begynner på skulen klokka 9.00 og er ferdig rundt 16.00 pluss, minus. Men vi er som oftast ikkje heime i Tilet før 16.45.

Vi har også prøvd oss på den onterlige belgisk sjokoladen.. kva kan eg sei.. den er bare heilt FANTASTISK!!!! har ikkje ord! ;) farlig, farlig...

ja det var litt om veka mi her i Tilet, har du spørsmål må du bare komentere på bloggen så skal eg prøve å svare så godt eg kan :)


(alle bildane er frå Brügge)


søndag 1. februar 2009

Belgia here I come...

Ja då va dagen komen og eg skulle reise saman med Mona, Susanne og Malin til Tielt i Belgia og her skulle vi tilbringe våre neste tre månader saman... Det heile starta utruleg bra vi kom til Værnes og flaug til Amsterdam, her skulle vi vente i ca 3 timar før vi skulle vidare til Brussels. På turen til Amsterdam sov alle unntat eg for eg så plutseleg ein utruleg fin sol oppgang.. og blei så lamslått og fansiner at eg ikkje klare å sove.. Då vi skulle fly frå Amsterdam til Brussels gjekk vi ombord i en Fokker 50, det vi altså sei eit lite bråkete fly.. alle som har vert med Widerøe veit korleis det er... Når vi kom til Brusseles kom vi til ein utruleg lang og folketom flyplass. Eg er sikker at vi gjekk ein dagsmarsj for å få tak i bagasjen.. Og her begynte utfordringa.. korleis ta seg med tog frå Brusseles til Tilet kor vi skulle møte Els ? Etter mykje om og men og på mirakuløstvis klarte vi å finne rett tog, få rett billet og komme oss til Tielt. Her blei vi møtt av Els som viste oss rundt der vi skulle bu. Standaren er ganske ulik hos oss, men etter å ha sovet på det nokon dager no ser ein bare det humøristiske i det.. eller nesten :s


Etter ein ettermiddag og kveld i Tielt med masse frustrasjon, glede, irretasjon, opptimisme og ein natt søvn fann eg og Malin ut at vi ville utforske Brugge. Så vi tok bussen på ettermiddagen og fekk gjort mange lure ting :) I tillegg til å gå rundt to nokså svære katedraler fekk vi også gå inn i ei av dei..


Tone og Malin på nye eventyr...


I dag var dagen kommen til at vi skulle begynne vår fyrste dag på skulen. Alle ERASMUS studentane to bussen til Kotrijk og KATHO her var det litt venting, ein rask informasjon og lunsj. Det som gjorde til at vi fekk opp auga var at dei selde øl i kantina på skulen.. 1.50 € eller ca 15 NOK , dette hadde aldri gått heime i noreg.. eller? Så etter ein dag på skulen.. var det tid for å handle og her i blandt sjokolade sidan vi ikkje hadde hatt det på laurdag då vi kom.. så etter at Malin hadde laga ei fantastisk god heimelaga blomkålsuppe til oss var det tid for sjokolade testing.. og vi fant vår favoritt, men det er eit anna kapittel ;)