I dag var fyrste dagen vi hadde drama. Ein av aktivitetane vi hadde, var at vi skulle sitte saman to og to. Den eine personen skulle lage ei historie, medan den andre personen skulle komme med enkelt ord, som skulle med i historia. Ein spennande og litt skremmande oppgåve.. Ei av historiane som kom opp, var denne absurde historia... (sett dykk godt til rette, len ned sete ryggane og føl med..)
"Det var ein gang ein gut og ei jente som budde på ein åker. Ein dag skulle guten ut å hogge ved, men han ville ikkje, slik at jenta måtte gjere det i staden. Då jenta kom til hoggestabben var øksa vekk, det var trollet som hadde tatt den. Gutten og jenta gjekk då avsted til trollet for å få tilbake øksa. Når dei hadde gått eit stykke kom dei til ei hule, og inni den hula budde det eit monster og eit lite troll. Guten og jenta lista seg stille forbi lille trollet og monsteret. Men plutselig så snubla gutten, og vekte lille trollet som igjenn vekte monsteret. Då måtte guten og jenta springe ut av hula. Jenta prøvde igjenn å gå inn i hula, men denne gangen utan guten. Ho kom seg forbi monsteret og lille trollet. Då ho kom ut av hula kom ho til ei elv med mykje lure ting i og på den andre sida av elva var der ei dør. Jenta gjekk inn døra og kom fram til trollet. Trollet satt på øksa, men jenta visst råd ho tok fram ein tryllestav frå innerlomma og drepte trollet og tok øksa. ( her fekk vi beskjed om å lage ein slutt på historia.. pga av tid, ein ser jo korleis det gjekk..) Og sparnag tilbake, over elva og gjennom hula og inn i bilen som ho hadde parkert på utsida. Då ho nesten var heime kom ho til ein bommstasjon, men ho hadde ingen pengar så ho hogg sund bomstasjonen. Så etter mykje strev så fekk jenta tilbake øksa. SLUTT"
og etter at eg hadde hatt denne tankevirksomheten kote det mildt sagt oppe i topplåket, så det anbefalast å ikkje gjere dette så ofte..