Ja, då var utanlandseventyre mitt over for denne gang.. og eg har på nytt beina planta på norsk jord. I går var det brått slutt og eg og mine 3 medstudentar sa hade til våre gode venner i Tielt og satte oss på toget til Brussel kor vi tok flyet fyrst til Amsterdam og så vidare til Trondheim.
Dette opphaldet har vert utruligt lærerikt, det å få oppleve ein anna kultur og korleis synet på barnet er. Og ikkje minst det å få lov til å vere i praksis å få oppleve det på nærthold. Men det har ikkje bare vert praksis men også eit utruligt godt samhold med nokon av dei andre ERASMUS studentane som ein også har blitt gode vennar med :) Opphaldet mitt i Belgia har med andre ord vert heilt fantastisk og det har gått altfor fort (3 månader er ingen ting), sjølv om det har vert ein del vansklege ting og då særligt i praksis. Så har det vert ei lærerik oppleving, fått nye og gode venner, fått ei fantastisk erfering og hatt eit fantastisk opphald :=)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar