
Ja, då var ein komme til den skremmande barnehageovertakelsen som ein allereide i fyrste klasse høyrte om.. Det som er med denne er at vi delar klassen opp i to grupper, ei gruppe på kvar sin barnehage. Innad i desse gruppene delar vi inn i mindre grupper slik at det er 5-7 studentar på kvar gruppe allt etter kor mange storbarnsavdelingar det er i barnehagen. Kvar student gruppe får då i oppåve å lage eit tema og styre denne avdelinga 1 veke. Og no er vi kommen til denne veka. Eg er på ei storbarnsavdeling med barn frå 3-5 år samans med 6 andre medstudentar.. og dette har til no gått overaskandes bra.. men no har no vi bare hatt ein dag i barnehagen. Det som er så utruligt godt med denne praksisen er at vi ikkje må skrive nokon rapport, slik at vi kan kose oss og ha det kjekt samans med barna i staden for å heile tida observere dei og skirve ned praksisforteljingar. Og sa eg det at når vi har overtakelse så trekkjar det faste personalet seg vekk frå avdelinga.. eller det vil sei dei er på huset og av og til også på avdelinga. slik at vi alltid kan få tak i dei.
Så i morra er det ein ny dag med nye muligheita, tur og løve jakt så dette kan bli spennandes :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar