
Ja, så var dagen komen. Som både store og små hadde venta på. Dette var dagen då alle fekk ete så mykje is og pølser dei bare kunne. Eg høyrte forresten på tv i dag ei jente som fekk sørsmålet om kor mange is ho skulle ete. Då svarte ho "pappa sier at det er lov å spise 17 is på 17. mai" så der var saken klar, 17 is var det ho hadde tenkt å ete. Hehe, men før ein kan begynne å ete is, må ein jo ha noko på seg... Så for min del starta dagen ganske brått å brutalt klokka 0830 til duvande korpsmusikk utanforvindauget. Så då var det bare å stå opp.. Ein av dei store bekymringane for denne dagen var om ein etter 3 månader i Belgia fortsatt kom inn i bunaden. Sidan ein var entusiastisk og hadde stråke bunadssjorta i går så måtte ein gje det eit forsøk :) Så var det bare å finne den fram og ta den på, det gjekk ganske smarte fritt. Då var det bare 5 knapper og eit belte igjen. Inn med magen, ikkje pust, 1 knapp, 2 knapp, 3 knapp, 4 knapp og 5 knapp der var bunaden på.. pust ut.. ja, det var jo ikkje så gale.. Så var det bare belte igjenn.. hmm.. det gjekk jo overaskandes bra :) Så då var det bare å komme seg til byen å sjå på folketoget.. Så skal ein oppsumere 17.mai så har ein ete pølser og is, fått på seg bunaden og fått gnagsår det einaste som mangla for at det skulle bli ein fullverdig 17.mai er rømmegrauten til besta !
Gratulerer med dagen!!! Håper alle har hatt ein fin 17.mai feiring :)