søndag 31. august 2008

Vaske opp eller la maskina gjere det for deg??? That's the question..


Har du nokon gang tenkt på kor bortskjemt vi blir ved å bruke oppvaskmaskin..? ikkje? nei, kunne tenke meg det. Det gjorde ikkje eg heller før den tanken slo meg i dag når eg så ein av dei eg bur saman med stable kopper og fat inn i maskina. For etter at ein har hatt eit fantastisk herre måltid er det alltid ein ting som venter.. nemleg OPPVASKEN!! men medan ein går mot kjøkkenet er det noko som trekker til seg både kopper og fat og det som enn måtte høyre til.... og dette er verken sentrifugalkraften eller andre fysiske krefter, det er OPPVASKMASIKINA! som står rett framfor deg... Og då kjem spørsmålet vaske opp eller la maskina vaske opp for deg??? eigentleg eit ganske dumt spørsmål spørr du meg. For når du veit kva det vil sei å vaske opp kvar dag og etter kvart måltid samanlikna med at maskina gjer det forg deg, er det ikkje så vaskeleg å velge. ELLER..?

lørdag 30. august 2008

Gullfisk hjerne... :s

Denne veka har eg tenkt at eg skulle ha skreve her fleire ganger.. men det har seg sånn at det aldri har blit før no.. eigentlet hadde eg mykje interessante ting å snakke om.. men det er her problemet ligger. Eg huskar ikkje noko av dei interessante og glupe tinga eg hadde tenkt til å diskutere for dåke.. Har eg i ein alder av dei tidlege 20-åra utvikla ein gullfisk hjerne ? eller har eg hatt den heile tida, men at det er fyst no den er komme til syne??? Det er i vert fall ikkje greit å ha ein slik liten hjernekapasitet, her om dagen ( eller dvs i går) var eg saman med klassen oppe i bymarka og samla planter til objektsamlinga. Læraren vår som er ein ganske intlegent fyr sa navna til blomane både på norsk og latin. Eg plukka blomar og høyrte flittig på det læraren sa (eller dvs til ei viss grad). Eg fekk i vert fall med meg navna på blomane. Då eg kom heim og skulle legge blomane i press var det bare 2 blomar av mange eg huksa navnet på... Då eg seinare på kvelden trefte Heidi som kunne fortelje at ho hugsa navna på alle blomane hadde eg fått svaret på det eg hadde frykta. EG HADDE FÅTT EIN GULLFISK HJERNE!!!

søndag 24. august 2008

Livet og døden og midt i mellom va kunnskapen...

I dag satt eg å såg på avsluttningssermonien i OL, og det slo meg at vi mennesker er eigentleg ganske geniale skapningar. For når vi blir født så kan vi ingen ting, men i løpet av livet og då særleg dei tidlege leve åra så lærer vi utruleg mykje. Ein skal jo ikkje gløyme at ein lærer gjennom heile livet, men så ein dag når ein har lært allt ein skal lære i livet då bare dør man.. Kas liv e d? Her brukar man kansje 60-90 år og kansje meir av livet på å lære nye ting og lærer seg sjølv å kjenne.. og so bare dør man vekk frå all DEN kunskapen... Det hadde jo vert litt greit å kunne bruke den siste kunnskapen til noko før ein døde.. Kansje d ikkje d e så dumt å ikkje vere den skarpaste kniven i skuffen likevell... for då slepp ein jo å miste så mykje kunnskap når ein fyrst dør... eller??..

onsdag 20. august 2008

"Hvordan smart er du?"

Det var overskrifta på ein test eg tok i dag... Og eg som alltid har tenkt at enten så er ein smart eller så er ein det ikkje.. men der tok eg visst feil.. For i løpet av 40 spørsmål så kunne testen fortelle meg at eg hadde fysisk intellegens, men kva det er.. æææ ?? det veit eg ikkje.. Og eg som trudde at eg var ein heilt nomal student, med ikkje allverdens av ein intellegens.. men neida eg har fysisk intellegens. Så då bare håper eg på at det vil slå ut i studiet.. Det er jo lov å håpe :)

søndag 17. august 2008

Eit nytt og betre skule år..

Då har eg endeleg klart å komme meg tilbake til trønder hovudstaden. Dei neste vekane skal eg tilbringe tida mi som fadder for nye studentar på f-linja på DMMH, starte i 2F og bli betre kjent med dei nye hybelbeboarane.. så eg går ei spennande tid i møte :)

Slutten av ferien min har vert utruleg fin. Har slutta i sommarjobben og tatt meg ferie og tilbrakt ca to veker på byglandsfjord i setersdal der eg har møtt slekt og venner :) Siste veka har det gått i å pakke med seg ting ein skulle ha med seg tilbake på hybelen. Og så den ikkje så kjekke delen av det å reise vekk, nemleg det å sei hade til familie og venner, men fortvil ikkje folkens eg kjem tilbake til vakre sunnfjord :D