mandag 30. juni 2008

Ei lita oppdatering..



No tenkte eg at det ville være fint med ei lita oppdatering på kva som har skjedd i det siste, etter at eg slutta på skulen.




Helg 6-8 juni fekk eg besøk av mamma, besta og bestefaren. Dei skulle vere med å hjelpe meg å flytte til min nye hybel i trondheim før eg reiste heim.. Det blei også litt tid til å utforske byen, vi var både i nidarosdomen, i tyholttornet, festningen og på utsikten før vi satte nasa vest over..




Så var eg endeleg heime i gode gamle Fjaler.. no var det på tide å treffe mine gode veninner Hanne og Annette :) Her gjekk praten laust og fast om allt vi hadde oppleved..




Sidan 16. juni har eg også jobba på sjukeheimen i dale.. ein heilt okay sommarjobb..




Ein liten tur har eg også fått skivsa inn i programet tysdag 24- onsdag 25 juni var eg, mamma og Sondre på tur. Denne gangen gjekk turen til Flåm der vi tok turen med flåmsbana opp til myrdal, ein spektakulær togreise.. :) På myrdal gjorde vi oss klare, for vi hadde nemleg med og syklar og telt.. vi skulle sykle tilbake til flåm neste dag, på den siste delen av rallarvegen.. men fyrst skulle vi overnatte i telt.. Dette blei ein fantastisk fin tur :)






torsdag 5. juni 2008

ENDELEG FERIE!!!!

Ja då kan endeleg ta sommerferie med god samvittigheit :) visst dåke ikkje hadde fått det med dåke.. EG HAR SOMMARFERIE FOLKENS!!!! No skal eg bare vaske ut av hybelen og flytte før eg igjenn erobrer ville og vakre vest... hehe ;)

ka meir kan eg sei enn at dette skal NYTES !!!!

Til alle i klasse 1F ved DMMH tusen takk for eit fantastisk år med dåke :)
PS. kos dåke med objektsamling og fuglesang... hehe ;)

tirsdag 3. juni 2008

At eg aldri kan lære...

Eg har eit lite spørsmål til dåke som leser bloggen min.. (visst det er nokon der ute..) Kvifor er det så vanskeleg å sei nei til folk på gata?
Her i dag gjekk eg fredfult nede i Nordre gate i Trondheim sentrum med sykkelen min.. plutselig kjem det bort til meg ein fyr frå redd barna og begynner å prate til meg om noko som ikkje intreserer meg i det heile... han spør om eg har lyst å vere med å støtte dette prosjektet for BARE 225 kr i månaden.. eg er jo ikkje interessert men alikavell klarer eg å prestere å sei at joda eg kan vere med å støtte.. men TONE KOR SKAL DU FÅ PENGANE I FRÅ?? , OG DU HAR JO IKKJE LYST!.. Eg klarer tilslutt å ro meg ut av denne litt pinlege situasjonen, og følar meg ikkje så høg i hatten når eg går der i frå.. at eg aldri kan lære...