søndag 20. desember 2009

4, Søndag i advent og skoltesøndag....

Ja, då var vi komen til siste søndagen i advent og vi kan no tenne det siste lyset i adventstaken. Og medan vi gjer det kan vi også konstantere at no er det bare 4 dagar igjen til jul:) medan ein gjer dette kjem det ei lukt fram til nasa mi.. og det er ikkje kva som heilts.. neida, det er lukta av skolter (smalahovud eller saue haue på godt norsk) som fyller huset denne dagen...
Men la oss alle tenne det siste lyset og tenkje på noko godt...

Vi tenner fire lys i kveld
og lar dem brenne ned
for lengsel, glede, håp og fred,
men mest allikevel for fred på denne lille jord
der menneskene bor.




God jul og god middag....

tirsdag 15. desember 2009

Gradering og eit skritt nærmare jul :)

I går den 14.12.09 var der klar for gradering.. Her skulle ein gjere ulike firvendingar med punch, blokk og to ulike spark både med høgre og venstre. Tresteg, med tre angrep og tre forsvar.. og tilslutt eit teori spørsmål. Eg møtte opp 45 min før for å varmeopp og gå igjennom pensumet. Her kunne ein ta og føle på nervøsiteten og spenninga blandt dei andre deltakarane.. og eg må jo innrømme at ein var ikkje heilt fri for det sjølv heller..

Så var det endeleg vår tur, vi stillte og bukka for flagget og master før ein av svartbeltane las elevens ed. Så var vi i gang. Eg var i fyrste gruppa saman med 6 andre. Og det gjekk strålandes, ja for alle saman :) No er vi ikkje lenger bare kvit belter, men kvitbelter med GUL STRIPE! og neste gang er vi heilt gule.. om vi greiar den graderiga :)

No er det bare examen som gjennstår før ein kan sei seg ferdig med 5. semestert og tittelere seg med ein velfortjent juleferie og lade oppatt batteria til praksis, bachelor og examen i siste og avgjerande semester.. :)
Forskjellen på beltet er dette...
FØR:
ETTER (NO) :

søndag 13. desember 2009

3. Søndag i Advent

Så var vi allereide komme til 3. søndag i Advent.. og no nærmar det seg gradering, examen og heimreise:) I dag vart ein også ferdig med julevasken, så er det bare å pakke siste resten før eg vendar nasa vest-over på onsdag.. :) JIPPI =D
I går innsåg eg at dette er siste helga mi i Trondheim i 2009, så med varme tankar frå meg tenner vi tredje lyset i lysestaken...

Så tenner vi tre lys i kveld
for lengsel, håp og glede.
De står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede.
Så tenner vi tre lys i kveld,
for lengsel, håp og glede.


søndag 6. desember 2009

2. Søndag i Advent


Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede.
De står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede.
Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede.