Kva gjer man når man har totalt skrivesperre og det er heilt tomt oppi topplåket..??? Rundt seg høyrar ein alle andre som skriv.. og sjølv kan ein kjenne at ein tenkjar so det kanker, men alikavell kjem det ingen glupe ord ned på papiret... det er rett og slett stillsatnd i leiren..
det går 1 time ingen ting har skjedd, det går 2 timar fortsatt ingen forandrin.. den einaste forandring er at du har vert innom Facebook ørten tusen ganger i løpet av tida og kan alle forandringar ut og inn både framover og bakover. Når det har gått 3 timar utan nokon endring begynner panikken å melde seg, og du tar pause for å "klarne" hjernen.. og plutseleg 5 minutter før du skal gå heim, då løsnar det og du skriv til den store gullmedaljen.. at det er mulig å ha sånn flaks.. eller???