lørdag 28. mars 2009

Kor har eg blitt av...???

Ja, no har det gått altfor lenge sidan eg har skreve her og dåke begynner vell snart å lure på kor det er blitt av meg.. men eg er fortsatt i Belgia og held fortsatt på med praksis. No skal eg begynne på siste veka mi før påskeferien og det skal bli heilt fantastisk :) Sjølv om det går mykje i prasksis skriving på rapport og didaktiske planar har eg og fått tid til, eller det vil sei tatt meg tid til å besøke Antwerpen, Gent og Brussel. I tillegg til å reise på sykkelturar og oppdagelesefer saman med Malin på dei vakre gule syklane våras. Veit ikkje kor mange trafikk reglar vi bryt når vi er ute på dei.. men det er ein del, men på eit eller anna mirakuløst vis så overlevar vi kvar gong.. :p Ellers så har eg ein glad nyheit.. kansje ikkje for alle men i allefall for meg.. eg fekk smake brunost i går :D På mirakuløstvis hadde nokre pakker fløytemysost frå Tine kommt seg ned hit.. til stor glede :)

Her er dei vakre syklane våre...

Antwerpern...

mandag 9. mars 2009

LOST in Pre-school...

Ja då var ein begynt på andre veka i praksis.. men det som sikkert er vell så spennande er å høyre om den fyrste veka i praksis. Eg kom med eit nyskjerrig blikk på kva denne Belgiske barnehagen gjekk ut på. I denne praksis perioden fram til Påske skal eg vere i 3 kleuter klas, det vil alstå sei med 5-6 åringane. Dei fyrste dagane følte eg meg ganske LOST for å sei det sånn. Og eg har aldri i mitt dyrebareliv følt meg så dum framfor ein 5-6 åring.. for barnet snakka til meg, men kunne Tone svare??? nei det kunne ho ikkje for ho skjønte ikkje eit kvekk av det barnet sa.. så det var bare å sei "ja" og smile... og håpe på at det blei ein positiv reaksjon. Barna her nede snakkar Nederlands, så det hjelper jo litt at ein har hatt språkkurs i 3 veker. Men det skofter ein del.. så då må ein finne ein anna måte å kommunisere på, det er ikkje så lett når ein har brukt språket så lenge ein kan hugse... Men det var ikkje bare praksis som skjedde forje veke.. På osndag fekk vi, eller det vil sei fekk vi låne syklar (kjem bilde av dei seinare). Men for å beskrive dei så er det ein knallgul damesykkel med eit utruleg tungvint låsesystem.. på fredag var det tid for skule, så då troppa vi opp på KATHO. Frå kl 0900 til 1530. Helga har gått med til å skrive på praksisforteljingar og anna praksis så det har ikkje vert så opplevelsesrik helg derfor legger eg med nokre bilder frå Paris slik at ein kan mimre tilbake til den tid ein hadde fri i helga.. :p

Det er ikkje alle som kan ha eifel tornet mellom hendene...

onsdag 4. mars 2009

Krokkus-Ferie :)

Fjerde veka her i Belgia gjekk med til å feriere. Dei har nemleg noko dei kallar for krokkus-ferie. Det er ein ferie der dei prisar at våren er på veg, visst eg ikkje har forstått heilt feil. Så kva gjorde eg..
Mandag skjedde det ikkje noko spennande.. bare det vanlege og ein liten smule skule arebeid.. Tysdag der i mot reiste eg,Malin, Susanne,Mona,Maria,Melis,Dugy og Volkan til Binche, dvs Mona og Susanne hoppa av i Brussel. Men vi andre reiste vidare til Binche, her var det nemleg eit karneval som er på UNESCO si rankingliste.. så dette måtte vi få med oss.. men eg må sei eg blei ein smule skuffa, når det einaste ein såg var menn som var utkledd i nokre rare kostymer og ga appelsiner til publikum. Og særleg når ein hadde fårestilt seg karneval slik ein ser det på tv frå Rio og andre plasser i verden..




Men det stoppa ikkje der.. Onsdagen var det på tur igjen og denne gangen var det Paris som stod for tur.. Denne gangen reiste alle ERASMUS-studentane frå Tilet og to studentar frå Torhout. Vi tok toget til Gent og der i frå tok vi buss i 3 timer og vooops så var ein i Paris. Kva skjedde så??? vi tok metroen (noko så enkelt, og morosamt.. ;P), fant tilslutt hotellet,ved litt hjelp av utruleg venlege franskmenn som ikkje snakka engelsk.., pausa og gjekk på oppdagelsesferd.. Vi fann fort ut at vi ikkje kunne gå saman 12 stykker, så vi delt oss. Det funka ganske greit :) Så kva gjorde eg??? Onsdag såg eifel tornet og kvar ein tur oppe i det. Torsdag såg triumfbuen, var i Louvre og såg Mona Lisa, afrodite og anna kunst og var i Notre dame. Fredag var eg i versailles, var i Sacre Cæur og såg Molan Rouge. Lørdag gjekk eg og Maria rundt i paris og bare naut livet.. Det var sol og 15 grade så det var rektig så deileg.. På kvelden reiset vi heim og plutselig var vi i Tielt igjen. Søndag var det tid for å kvile ut etter turen.. og gjere seg klar til praksis på mandag.. :s